Vik 1.2.2014:

Postet av Markane IL den 1. Feb 2014

Gode resultat under KM sprint i Vik!

 Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn. Foto: John Roger Meland

Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn vart nummer 1 og 3 i klasse G12. Foto: John Roger Meland

Sidan dei oppsette krinsrenna i Volda denne helga vart utsette p.g.a. snømangel, reiste fleire av skiskyttarane i staden for på Hordaland krins sitt KM i Vik.

Fleire gjorde det svært så bra på sprinten. Blant anna gjekk tre heilt til topps i sine klasser: Maren Hjelmeset Kirkeeide i J 11, Oskar Guddal Breivik i G12 og Aksel Mathias Meland i G15! (Sidan det var "feil" krins vart dei ikkje KM-vinnarar)

I dei yngste urangerte klassane gjorde Mari Sofi Meland, Selma Guddal Breivik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Håvard Tonning.

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk raskt og skaut feilfritt. Det heldt til førsteplass i klasse J11. Oskar Guddal Breivik vann også si klasse G12 med god fart i løypa og berre ein bom. I same klasse kom Sigurd Fotland Fænn på ein tredjeplass.

 I klasse G13 vart Magnus Midthjell Gjørven nummer fire. Sjølv om det vart fire bom skilde det berre 54 sek fram til vinnaren Erik Indrebø frå Vik IL som skaut feilfritt. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 6. plass i G14. Han var berre 32 sek bak klassevinnar Marius Årestrup Larsen frå Vik sjølv om det totalt vart fem bom.

I klasse G15 gjekk Aksel Mathias Meland heilt til topps. Med berre ein strafferunde var han heile 1 min 5 sek før Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL.

I klassa G16 hadde Markane heile fire løparar. Grim Nygård og Andreas Halsteinslid delte fjerdeplassen. Dei var 50 sek bak vinnaren Tobias Nyborg. Odd Sindre Tonning kom på ein 7. plass og Håkon Midthjell Gjørven på 8. plass. Grim Nygård var ein av få løparar som fekk diamanten for feilfri skyting på dagens sprint.

I klasse G17 kom Gaute Bø på ein andreplass med totalt fire bom. Han var 57 sek bak vinnaren Lasse Virkesdal frå Vik. Georg Kristian Halsteinslid kom på tredjeplass i klasse G18. Han fekk berre ein strafferunde totalt og var 44 sek bak vinnaren Arild Fosse frå Voss skiskyttarlag.

I morgon er det klart for jaktstart. Fleire foto frå dagen er lagt ut nedanfor.

 Resultatliste KM skiskyting sprint Vik Dato1.2.2014

Grim Nygåd fekk diamanten for feilfri skyting. Foto: John Roger Meland

Grim Nygård fekk diamant for feilfri skyting i klasse G16. Foto: John Roger Meland.

 

Aksel Mathias Meland. foto: John Roger Meland

Aksel Mathias Meland vann klasse G15. Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL vart nummer to og Sindre Gjøsæter vart nummer tre. Foto: John Roger Meland

Georg Halsteinslid vart nummer tre. Foto: John Roger Meland

Georg Kristian Halsteinslid vart nummer tre i klasse G18. Klassevinnar vart Arild Fosse medan Espen Segrov Nes vart nummer to. Foto: John Roger Meland

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klasse J11 med feilfri skyting. Hedda Carlsen kom på andreplass og Emma Poiree vart nummer tre. Foto: John Roger Meland

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Magnar Lødemel. Foto: John Roger Meland

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer seks og Magnar Lødemel frå Hornindal IL vart nummer fem. Foto: John Roger Meland

Liv Rigmor oog Kjetil Netland. Foto: John Roger Meland

Liv Rigmor og Kjetil Netland. Foto: John Roger Meland

Gamalost &Vik

Gamalostlogo høyrer med i Vik. Foto: John Roger Meland.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline