Sogn skisenter 24.01.2014:

Postet av Markane IL den 24. Jan 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland KM-vinnarar i fri teknikk!

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM fri teknikk G14. Foto: Margunn Hjelmeset 

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann KM-tittelen i G14 under KM fri teknikk på Sogn skisenter. Her på pallen saman med Marius Årestrup Larsen frå Vik IL og Kent Ove Sæten frå Hyen IL. Foto: Margunn Hjelmeset

IL Bjørn og Hafslo IL er arrangørar for KM langrenn på Sogn skisenter denne helga. Den første øvinga var fri teknikk og det gjekk svært bra for deltakarane frå Markane IL.

MIL hadde to deltakarar på startstreken i KM-klassane (13 år og oppover) og begge gjekk til topps i sine klasser. Simon Hjelmeset Kirkeeide i klasse G14 og Aksel Mathias Meland i klasse G15.

Simon brukte 7 min 33 sek på den tre kilometer lange løypa og vann dermed klasse G14 vel 9 sek før Marius Årestrup Larsen frå Vik IL. Kent Ove Sæten kom på tredjeplass frå Hyen kom på tredjeplass.

Aksel fullførte den 5 km lange løypa for G15 på 14 min 38 sek. På andreplass følgde Andreas Hetle frå Breimsbygda IL, 18 sek bak og Brage Burø Sunde frå Førde IL kom på tredjeplass 32 sek bak.

Også i dei yngre klassane gjekk det svært så bra. I klasse J 11 vart det dobbeltsiger til MIL-løparar. Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for J11 på tida 7 min 29 sek og Emilie Flo Stavik kom på andreplass med tida 7 min 50. Sigurd Fotland Fænn kom på fjerdeplass i klasse G12. Han var berre 10 sek etter vinnarane. Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL og Sivert Heggheim Mannsverk frå Jotun IL delte klassesigeren med tida 6 min 18 sek. Håkon Nordeide Berg frå Førde IL vart nummer tre, 7 sek bak vinnarane. Løypelengda for 11-12års klassane var to kilometer.

I dei urangerte klassane hadde Markane to deltakarar. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide var med i klasse J9 og Torje Seljeset i klasse G10.

Anne-Marie Roset som går for Markane i skiskyting, vart krinsmeister for J14. I denne samanhengen som representant for IL Veten.

Resultatliste for KM fri teknikk 24.01.2014 Arrangør: IL Bjørn og Hafslo IL

Aksel Mathias Meland vann KM i g15. Foto:  Margunn Hjelmeset

Aksel Mathias Meland vann KM fri teknikk for klassa G15. Her på pallen saman med Andreas Hetle frå Breimsbygda IL og Brage Burø Sunde frå Førde IL. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Anne-Marie Roset. Foto: Margunn Hjelmeset

Anne-Marie Roset frå IL Veten vart krinsmeister i fri teknikk i klasse J14. Foto: Margunn Hjelmeset


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline