Årdalstangen 19.01.2014:

Postet av Markane IL den 20. Jan 2014

2. plass til Oskar Guddal Breivik i SSF-cup Seismåsrennet!

Oskar Guddal Breivik kom på andreplass i G12 under Seismåsrennet 2014. Her på pallen saman med klassevinnar Thristan Ullebø Engebø og Ulvar Tufte som vart nummer tre. Foto: Torstein Breivik

Markane IL hadde ein løpar på startstreken i sesongens tredje løp i SSF-cup. Oskar Guddal Breivik stilte opp i klasse G12 og gjekk seg inn til ein flott andreplass. Totalt 16 løparar deltok i klassa som med det var ei av dei største klassene i rennet. Det var svært jamnt i klassa. Thristan Ullebø Engebø frå Førde IL vart klassevinnar med tida 7min 10 sek. Oskar fekk tida 7 min 30 sek medan Ulvar Tufte frå Sogndal vart nummer tre med 7 min 33 sek.

Totalt 130 løparar deltok i rennet.

På grunn av for lite snø til å avvikle Tuarennet no, vart det i staden Årdalstangen IL som innbaud til Seimsåsrennet 2014 litt tidlegare enn planlagt.

Seismåsrennet var det tredje av sju renn i SSF-cupen. Rennet gjekk i klassisk stil. I SSF-cup blir det totalt gjennomført tre renn i klassisk stil, tre renn i friteknikk, og eitt i duathlon. I klasse 11-12 år tel dei fire beste resultata i samandraget, mens i klasse 13-16 år tel dei fem beste resultata. Etter tre renn ligg Oskar Guddal Breivik no på 2. plass i samandraget i G-12 bak leiande Thristan Engebø Ullebø frå Førde.

Resultatliste SSF-cup Seismåsrennet Arrangør Årdalstangen IL Dato 19.1.2014

Samanlagtliste SSF-cup 19.1.2014 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline