Fossum 19.1.2014:

Postet av Markane IL den 20. Jan 2014

God innsats på normaldistansen på Bendit Kvalfoss-sprinten

Markane IL på Bendit Kvalfoss-sprinten 2014. Foto: TSN

Deltakarar frå Markane IL på Bendit Kvalfoss-sprinten 2014. Frå venstre: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Andreas Halsteinslid, Aksel Meland, Håkon Midthjell Gjørven, Magnus Arntsen, Odd Sindre Tonning og Magnus Midthjell Gjørven. Grim Nygård var ikkje tilstades då biletet var teke. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 I alt åtte skiskyttar frå MIL var i aksjon på dagens normaldistanse under Bendit Kvalfoss-sprinten. Det vart mange jamnt bra resultat der mange oppnådde premieplass. I dei fleste klassane var det også på normaldistansen over 100 skiskyttarar som konkurrerte. Også i dag fekk Aksel Mathias Meland best plassering av våre med ein 13. plass i G15. Han fekk to bom på liggjande og ein på ståande. Med tre tilleggsminutt var han 1 min 37 bak klassevinnar Sigurd Trømborg frå Bevern IL (0-0). Magnus Arntsen vart nr 45 (1-1) i same klasse.

I klasse G16 kom Håkon Midthjell Gjørven på ein fin 26. plass med berre eit tilleggsminutt på første skyting. Han var 2 min 49 sek bak klassevinnar Mathias Skrede frå Geilo IL som skaut feilfritt. Andreas Halsteinslid fekk også berre eit tilleggsminutt og kom på 30. plass, 2 min 55 sek bak klassevinnaren. Odd Sindre Tonning var nummer 67 med (3-3) og Grim Nygård nummer 80 med seriane (1-1).

I den yngste guteklassa G13 kom Magnus Midthjell Gjørven på ein 36. plass med seriane (2-1). Klassevinnar vart Eirik Idland frå Figgjo IL. (1-0). Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 46. plass med totalt seks tilleggsminutt. Han var 3 min 13 sek bak Christian Bucher-Johannesen frå Fossum IL (1-0).

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G13 Dato 19.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G14 Dato 19.1.2014.

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G15 Dato 19.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten normaldistanse 2014 G16 Dato 19.1.2014

 

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Simon Hjelmeset Kirkeeide i aksjon på normaldistansen. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Fleire foto frå Bendit Kvalfoss-sprinten er tidlegare lagt ut her.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.