Fossum 18.1.2014:

Postet av Markane IL den 18. Jan 2014

Flott 5.plass til Aksel Meland på Bendit Kvalfoss-sprinten!

Dei fem beste i Bendit Kvalfoss-sprinten G15. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk seg inn til ein flott femteplass på Bendit Kvalfoss-sprinten. Frå vnstre: Halvor Taalesen Tjøntveit, klassevinnar Filip Fjeld Andersen, Jonas Slettemark, Sander Bach-Gansmo og Aksel Mathias Meland Foto: Team Statkraft Nordfjord.

  Aksel Mathias Meland gjekk eit flott løp under dagens Bendit Kvalfoss-sprinten. Han gjekk seg inn til femteplass i klassa for gutar 15 år der heile 115 løparar stilte til start. Filip Fjeld Andersen frå Geilo vann klassa med ein differanse på 1 min 6 sek (0-1). Men frå andreplass og utover var det svært jamnt. Halvor Tjøntveit frå Svene IL kapra andreplassen (2-0). Han var tre sekund føre tredjeplassen Jonas Slettemark Juel frå Fossum IL som dermed var 1 min 9 sek bak vinnaren (1-0). Frå Aksel på femteplass skilde det 1 min 22 sek opp til vinnaren og dermed berre 13 sekund opp til pallen. Det til tross for at det totalt vart tre strafferundar på dagens sprint med ein runde på liggjande og to på ståande. Markane sin andre deltakar i klasse G15 Magnus Arntsen gjekk seg inn til ein 67. plass (3-2)

Totalt hadde Markane IL åtte deltakarar på start i dagens sprint. I klasse G16 vart det 39. plass til Andreas Halsteinslid etter solid skyting med berre ein bom totalt. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 56 (3-1) medan Odd Sindre Tonning kom på 62. plass (2-3). Grim Nygård måtte bryte etter liggjande skyting. Klassevinnar i G16 var Øyvind Aalling Lio frå Bjerke IL

I klassa for G13 vart Magnus Midthjell Gjørven nr. 50 med skyteseriane (2-3). Klassevinnar vart Sivert Raddum Skaug frå Tretten SSL med feilfri skyting. I klassa for G14 kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på 101. plass etter ein dårleg dag på standplass med totalt ti strafferundar. G14 var den største av alle klassane i Kvalfoss-sprinten med heile 121 deltakarar på startstreken.

Markane IL hadde ingen jenter med i Bendit Kvalfoss-sprinten. Det hadde derimot våre naboar i Hornindal IL. Silje Torheim og Ingrid Gausemel gjekk seg inn til høvesvis 19. og 24. plass i klassa for jenter 16 år.

Resultatlister for klassane med deltakarar frå Markane er lagt ut nedanfor:

Resultatliste for Bendit Kvalfoss-sprinten Klasse G13 Dato: 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G14 Dato 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G15 Dato 18.1.2014

Resultatliste Bendit kvalfoss-sprinten 2014 G16 Dato 18.1.2014

 Andreas Halsteinslid. Foto: TSN

Andreas Halsteinslid vart nr 39 i klasse G16. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 

 

Odd Sindre Tonning. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Grim Nygård. Foto: TSN

Grim Nygård. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven var ein av Markane sine fire deltakarar i klasse G16. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Magnus Arntsen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Magnus Arntsen ut frå start i klasse G15. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland i løypa. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk seg inn til 5. plass av 115 deltakarar i klasse G15.

Silje Torheim. Foto: TSN

Silje Torheim frå Hornindal IL. Foto: TSN

Ingrid Gausemel. Foto: TSN

Ingrid Gausemel frå Hornindal IL. Foto: TSN

Delegasjon frå Markane IL på Bendit Kvalfoss-sprinten. Foto: TSN

Ein del av gjengen frå Markane IL på Bendit Kvalfoss-sprinten. Frå venstre: Monica Halsteinslid, Andreas Halsteinslid, Magnus Arntsen, Håkon Midthjell Gjørven, Aksel Mathias Meland, Jan Egil Gjørven, Hildegunn Midthjell Gjørven, Wenche Arntsen, Kari Tonnin, Odd-Kjetil Tonning og Odd Sindre Tonning. Foto: Team Statkraft Nordfjord.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline