Natrudstilen 5.1.2014:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2014

2.plass til Jarle Midthjell Gjørven på jaktstarten!

Jarle Midthjell Gjørven, Håkon Svaland og Kristian Aalerud. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg opp til ein flott sølvplass på jaktstarten i Norgescupen. Vinnar vart Håkon Svaland medan Kristian Aalerud tok tredjeplassen. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein flott jaktstart under Norgescuprennet på Natrudstilen i dag. Etter å ha starta som nummer sju gjekk han seg jamnt og trutt framover i feltet. Med feilfri skyting på dei tre første seriane var han oppe på tredjeplass. På den siste skytinga vart det to strafferundar, men sidan alle i teten fekk to-eller tre rundar gjekk Jarle likevel ut på ein tredjeplass. På sisterunden gjekk han forbi Kristian Aalerud frå Bærum og sikra seg andreplassen. Ei flott plassering i eit renn som er eit av uttaksrenna til junior-VM i skiskyting.

Vinnar av klasse M20-21 vart Håkon Svaland frå Birkenes IL med fire rundar. Han var 1 min 6 sek føre Jarle Midthjell Gjørven. Kristian Aalerud tok tredjeplassen 1 min 13 sek bak vinnaren.

Johan Eirik Meland gjekk seg også fram tre plassar og kom på 19. plass på jaktstarten. Han fekk totalt fire stafferundar og var 3 min 23 sek bak vinnaren.

Også tidlegare i dag hadde Markane IL løparar i aksjon. Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 35 i klasse M18 med totalt seks strafferundar. Klassevinnar vart også i dag Andreas Kjeverud Eggen frå Hernes IL. I klasse M17 gjekk Gaute Bø seg fram åtte plassar frå sprinten i går. Han vart dermed nummer 37. Vinnar vart Vetle Nergård frå Hernes IL.

Vi nemner også at i klasse M19 gjekk sigeren nok ein gong til ein nordfjording, Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord.

Resultatliste DNB cup 3 Statkraft cup 2 jaktstart Natrudstilen 5.1.2014 Alle klasser

Vi gratulerer!

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven vel i mål  etter å ha gått inn til ein flott andreplass på jaktstarten. Foto: Team Statkraft Nordfjord


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline