DNB Cup3/Statkraft JuniorCup2 4.1.2014:

Postet av Markane IL den 4. Jan 2014

7. plass til Jarle Midthjell Gjørven i M20/21

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven fekk best plassering av deltakarane frå MIL i dagens Norgescup med 7. plass. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven kom på 7.plass i klassa for M20/21 under sprinten i DNB Cup 3/Statkraft JuniorCup 2 på Sjusjøen i dag. Renna denne helga tel også i uttaket til jr. VM i skiskyting seinare i vinter. Jarle skaut feilfritt på liggjande skyting, men fekk to strafferundar på den ståande serien. Dermed går han ut på jaktstarten i morgon 1 min 17 sek etter vinnaren. I same klasse kom Johan Eirik Meland på 22. plass. Også han med to rundar på ståande skyting. Differansen fram til teten vart på 2 min 4 sek. Klassevinnar vart Kristian Andre Aalerud frå Bærum skiklubb som skaut feilfritt. Håkon Svaland frå Birkenes IL vart nummer to og Sondre Kvikne Dotterud frå Vingrom IL nummer tre.

I klassa for M18 vart Georg Kristian Halsteinslid nr 28. Han fekk ein strafferunde på kvar skyting og var 2 min 43 sek bak vinnaren Sindre Pettersen frå Nittedal IL. Andreas Kjeverud Eggen frå Hernes IL vart nummer to og Jonas Uglem Mobakken frå Oslo SSL vart nummer tre.

I klassa for M17 vart Gaute Bø nummer 45 etter totalt tre strafferundar. Klassevinnar vart Endre Strømsheim frå Bærum Skiklub.

Best av alle løparane frå Team Statkraft Nordfjord i dag vart Isak Flo Bødal frå Stårheim IL som vann klassa for M19. Andrea Skeide Bakke frå Stårheim IL kom også på pallen med tredjeplass i klasse K18.

Foto av dei andre markaneløparane som var i aksjon nedanfor. Takk til Team Statkraft Nordfjord for foto!

Resultatliste DNB Cup 3 Statkraft cup 2 sprint Natrudstilen 4.1.2014 Alle klasser

 

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland kom på 22. plass i klassa M20/21 under Norgescupen på Natrudstilen i dag. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Gaute Bø. Foto: TSN

Gaute Bø i fint driv i klasse M17. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Georg Halsteinslid. Foto: TSN

Georg Kristian Halsteinslid gjekk inn til 28. plass på sprinten i klassa M18. Foto: Team Statkraft Nordfjord


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline