Le Grand Bornand 14.12.2013:

Postet av Markane IL den 14. Des 2013

Første verdscupsiger til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, Geilo 2011.

Johannes Thingnes Bø gjekk eit fantastisk løp på sprinten i Le Grand Bornand. Med perfekt skyting og suveren fart i sporet var han i leiinga heile løpet 

Johannes tok kommandoen i løpet alt på første skyting. Med ein rask og feilfri serie gjekk han ut frå standplass 1,8 sekunder føre Martin Fourcade som leia på dette tidspunktet. På ståande fekk Fourcade ein bom medan Johannes nok ein gong trefte alle fem blinkane. Dermed gjekk han ut frå andre skyting med 27 sek leiing.

Innmot mål auka Johannes leiinga til Fourcade til heile 37,1 sekund. Dermed var det berre å vente på at resten av feltet skulle kome mot mål. Det vart snart klart at ingen kunne måle seg med Johannes i dag. Nærast kom Ondrej Moravec frå Tsjekkia som gjekk inn til andreplass 32, 9 sekund etter Johannes. Martin Fourcade tok den siste pallplassen.

I morgon er det klart for jaktstart med Johannes først ut!

 Vi gratulerer med verdscupsiger!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.