Ullsheim 03.12.2013:

Postet av Markane IL den 4. Des 2013

Stor aktivitet på Ullsheim.

Skitrening på Ullsheim. Foto: TSN

Skitrening for dei mellom 10 og 16 år var ein av aktivitetane på Ullsheim i kveld. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Det var tysdag kveld særdeles stor aktivitet på Ullsheim. Det var fint vêr og gode snøforhold. Dermed hadde både langrennskrinsen og Nordfjordteam skiskyting kalla inn til samling denne kvelden. I tillegg gjekk sjølvsagt MIL sine skitrening for 10-16 åringar, ved trenar Sigbjørn Fænn, som vanleg.

15 og 16 åringane som driv både langrenn og skiskyting, hadde felles teknikktrening med trenar Asgeir Årdal. Her kom utøvarane frå mange klubbar: Fjellhug/Vereide, Stårheim, Hardbagg, Hornindal, Hellesylt, Markane og Volda. Mange av desse har Hovudlandsrennet 2014 på Ullsheim siste helga i februar som sitt store mål for sesongen.

Medan dei unge trena, fekk foreldra samt juniorløparane smørjekurs med landslagssmørjar Johnny Seljeseth. Dette var lærerikt og interessant, og mange følgde godt med.

Kvelden vart avslutta med frukt, saft og kaffi i kafeen på Ullsheim. Her vart det også informert om kva som skal skje av renn og treningar ut over vinteren. I tillegg vart det delt ut ein del nye jakker, luer og vestar til utøvarane.

Fleire foto frå kvelden er lagt ut nedanfor.

 

Smørjekurs med Johnny Seljeset. Foto: TSN

Johnny Seljeset heldt smørjekurs for junioløparar og foreldre. Foto: Team Statkraft Nordfjord 

Johnny Seljeset. Foto: TSN

Johnny Seljeset. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Utøvarar frå mange klubbar samla på Ullsheim. Foto: TSN

Skiskyttarar og langrennsløparar frå mange klubbar var til stades på Ullsheim i kveld. Foto: Team Statkraft Nordfjord.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.