Skåla 17.8.2013:

Postet av Markane IL den 17. Aug 2013

Oppdaterte resultat frå Skåla Opp!

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven stod lenge som klassevinnar i M20-22 under Skåla Opp med tida 1 t 22 min 13 sek. I ettertid har det vist seg at han som sprang så kjapt var Jarle sitt søskenborn Erlend Drivenes. Dessverre hadde ikkje skiftet av løpar vorte registrert og dermed vart ikkje løpet godkjent. Vinnar av M20-22 vart tilslutt Jørn Hustad frå Åndalsnes IF.

Raskast av samtlege i årets Skåla Opp var Jonathan Wyatt frå  Atletico Trento (M40-44) som var i mål etter 1 t 9 min 39 sek. Dameklassa vart vunnen av Inger Liv Bjerkreim Nilsen på 1 t 23 min 40 sek.

Markane hadde også andre løparar som kom seg kjapt på toppen av Skåla. I yngste guteklassa G15-17 vart Gaute Bø nr 9 etter å ha fullført på 2 t 13 min 10 sek. Rasmus Haugen frå Hornindal IL vann klassa på 1 t 23 min 35 sek.

I klassa for M23-34 kom Frank-Jakob Sandbakk på 93. plass med 1t 59 min 34 sek. Dette var den største klassa med heile 127 deltakarar som fullførte løpet. Klassa vart vunnen av Ahmet Arslan, Ankara på 1t 11 min 49 sek. Han vart også nummer to totalt.

I klasse M40-44 vart Sigbjørn Fænn nummer 14 med 1 t 32 min 21 sek. Klassevinnar her var totalvinnar Jonathan Wyatt. Kåre Bøe vart nummer 35 i klasse M 45-49 med tida 1t 49 min 19 sek. I same klasse kom Jan Egil Gjørven i mål som nummer 82 på 2 t 13 min 10 sek. Klassevinnar vart Kristen Skjeldal frå Bulken IL som fullførte løpet på 1 sek 15 min 27 sek. I denne klassa vart også Per Jakob Kyrkjeeide nummer 39 med 1 t 50 min 58 sek som representant for Team Motbakke.

Omlag 1800 løparar fullførte årets Skåla Opp enten i konkurranse- eller trimklassa.

Resultatliste frå Skåla Opp 2013 er lagt ut nedanfor: 

Resultatliste for La Sportiva Skåla Opp 17.08.2013


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.