Ullsheim 26.5.2013:

Postet av Markane IL den 20. Mai 2013

Finn-fram-dagen 2013

Victoria Bøe Fotland, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke. Foto: Margunn Hjelmeset

Victoria Bøe Fotland, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke på finn-fram-dagen 2012. Foto: Margunn Hjelmeset

Søndag 26. mai kl. 12.00 arrangerer orienteringsgruppa FINN FRAM-dagen på Ullsheim. Arrangementet er eit samarbeid med Stryn KFUK-KFUM speidarar.

FINN FRAM-dagen er ein friluftsdag for heile familien, med fokus på å meistre friluftsliv og oppleve gleda av å vere ute i naturen. Det blir aktivitetar for små og store, og det blir høve til å lære eller friske opp kunnskap om kart og kompass. Ved å kunne nytte kart og kompass får ein høve til å oppsøkje ukjende stader som kan gje gode naturopplevingar eller spennande utfordringar. Dette gjev meistringskjensle for den enkelte og ein ekstra dimensjon til turen. På FINN FRAM DAGEN får deltakerane sjansen til sjølv å finne fram i ei enkel orienteringsløype, i tillegg til å prøve stjerneorientering, rakettløype, gå på skattejakt og løyse naturoppgåver.

Vi vil også i år kombinere FINN FRAM-dagen med starten på tur-orientering og deltakarane kan plukke dei første poengene i årets tur-o-sesong.

FINN-FRAM DAGEN er ein fin måte og bli kjend med o-sporten på. Vi håper fleire nye o-løparar stiller opp søndag og vert med vidare i sesongen på nær o-løp og andre arrangementer utenfor klubben. Orientering er en idrett som alle kan delta i, uansett alder og fysisk form. Det er ikkje noko medlemskrav for å delta på finn-fram-dagen eller nær-o-løp, men vi håper sjølvsagt at nye løparar etterkvart melder seg inn i laget. Info om medlemsskap finn de her.

VELKOMNE TIL FINN-FRAM-DAGEN 2013!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.