Liatoppen 06.04.2013:

Postet av Markane IL den 7. Apr 2013

4. plass til Oskar Guddal Breivik

Oskar Guddal Breivik. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Oskar Guddal Breivik kom på 4.plass i klasse G11 på Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

 Mange frå Markane IL var i aksjon på Bendit Liatoppen skiskytterfestival i dag og det var mange gode plasseringar. Klassane 11-12 år gjekk normalprogram medan dei frå 13 år og oppover gjekk sprint. Best resultat i dag fekk Oskar Guddal Breivik som kom på fjerdeplass i klasse G11. Han var berre 15 sek etter klassevinnar Arnt Johan Tungen frå Orkdal IL. I same klassa kom Sigurd Fotland Fænn på 13. plass. Også Simon Hjelmeset Kirkeeide oppnådde topp-ti plassering med sin 8 plass i klasse G13.

I klasse G12 kom Magnus Midthjell Gjørven på 32. plass etter å ha skote to fulle hus. I klasse G14 kom Aksel Mathias Meland på 12.plass medan Magnus Arntsen vart nr 24. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 12 i klasse G15. I same klasse vart Odd Sindre Tonning nr 30, Andreas Halsteinslid nr 51 og Grim Nygård nr 69. Gaute Bø vart nr 51 i klasse G16 medan Georg Kristian Halsteinslid kom på 26 i M17. I klassa for nybyrjarar jenter 10 år og yngre deltok Maren Hjelmeset Kirkeeide.

I alt 1098 løparar deltok i dagens sprint. Bendit Liatoppen Skiskytterfestival vert avslutta i morgon med fellesstartar.

 

Resultatliste normal/sprint Bendit Liatoppen skiskytterfestival 6.4.2013


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline