Dombås 24.3.2013:

Postet av Markane IL den 24. Mar 2013

NM-gull til Sogn og Fjordane I med både Tarjei, Johannes og Jarle på laget!

NM-gull til Sogn og Fjordane I. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven, Tarjei Bø, Håvard Gutubø Bogetveit og Johannes Thingnes Bø vann NM-gull på stafetten i skiskyting på Dombås. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Det vart gull til Sogn og Fjordane I under NM skiskyting på Dombås. Heile tre av fire løparar på laget kom frå Markane IL. Laget bestod av Jarle Midthjell Gjørven, Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø saman med Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL. Alle på laget gjekk gode etapper med god skyting. Laget kom seg gjennom utan strafferundar på nokon av etappane.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk første etappe. Han heldt fint følgje med feltet og veksla på ein sjuandeplass. Johannes Thingnes Bø gjekk laget heilt opp til andreplass på sin etappe. Inn til veksling skilde det 37 sekund fram til Nord Østerdal som hadde Lars Berger på andre etappe. Håvard Gutubø Bogetveit førte Sogn og Fjordane fram i leiinga då Nord Østerdalen måtte ut i ein strafferunde. Tarjei Bø gjekk ein god ankeretappe og tok godt vare på leiinga. I mål skilde det heile 1 min 23 sekund ned til Nord-Østerdal på andreplass. Buskerud tok bronsen 1 min 56 sek bak.

Også Sogn og Fjordane sitt andrelag bestod av tre frå Markane IL. Johan Eirik Meland, Lars Midthjell Gjørven og Anders Vonheim gjekk saman med Ole Martin Erdal frå Førde IL på Sogn og Fjordane II. Laget kom i mål til ein 26. plass.

Gutta på pallen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Gullaget øverst på pallen. Frå venstre: Tarjei Bø, Jarle Midthjell Gjørven, Johannes Thingnes Bø og Håvard Gutubø Bogetveit. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Resultatliste NM skiskyting stafett menn Dombås 24.3.2013

Fleire foto frå stafetten nedanfor.

Vi gratulerer med NM-gull! 

 

Sogn og Fjordane II. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Sogn og Fjordane II kom på 26. plass i stafetten. Frå venstre: Ole Martin Erdal, Johan Eirik Meland, Lars Midthjell Gjørven og Anders Vonheim.

Tarjei mot mål på stafetten. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tarjei Bø mot mål på NM-stafetten. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein god første etappe for Sogn og Fjordane sitt gullag. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tarjei Bø på ankeretappen i NM. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tarjei Bø i fint driv på sin ankeretappe. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Johannes Thingnes Bø. Foto: Team Statkraft Nordfjord 

Johannes Thingnes Bø gjekk laget opp til andreplass på sin etappe. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Håvard Gutubø Bogetveit. Foto : Team Statkraft Nordfjord

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL gjekk tredje etappe. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Blomsterseremoni NM Dombås. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Blomsterseremoni for gullgutane. Frå venstre: Tarjei Bø, Jarle Midthjell Gjørven, Johannes Thingnes Bø og Håvard Gutubø Bogetveit. Foto: Team Statkraft Nordfjord


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline