Dombås 23.3.2013:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2013

Nytt NM-sølv til Johannes Thingnes Bø!

Emil Hegle Svendsen og Johannes Thingnes Bø mot mål. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Emil Hegle Svendsen og Johannes Thingnes Bø på veg mot mål. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 For andre dag på rad vart det NM-sølv til Johannes Thingnes Bø under NM skiskyting på Dombås. Johannes gjekk ut som nummer to på dagens jaktstart og forsvarte plasseringa heilt til mål.

Johannes Thingnes Bø skaut fullt på begge dei liggjande skytingane og ut frå første skyting var han rett i ryggen på leiaren Lars Berger. Dagens einaste bomskot kom på tredje skyting. Då vart det to bom. Det same fekk Lars Berger. Emil Hegle Svendsen og Vetle Sjåstad Christensen klarte seg med ein runde. Dermed var det fire løparar innanfor ein avstand på 15 sekund. På siste skyting skaut både Johannes og Emil Hegle Svendsen fullt og gjekk ut likt på siste runden. Johannes heldt neste følgje med Svendsen heilt i mål, men til slutt sikra Emil Hegle Svendsen seg NM-gullet og kongepokalen 4,9 sekund føre Johannes Thingnes Bø. Lars Berger fekk bronsen. Han var 17 sek bak vinnaren.

Også Tarjei Bø gjekk seg fint oppover lista i dag. Sjølv om det vart tre rundar totalt, var farten i sporten betrakteleg betre enn i går. Dermed gjekk han seg opp fjorten plassar frå i går og enda på ein sjetteplass.

Resultatliste for NM skiskyting jaktstart menn Dombås 23.3.2013

Vi gratulerer med nok eit NM-sølv!

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.