Dombås 22.03.2013:

Postet av Markane IL den 22. Mar 2013

NM-sølv til Johannes Thingnes Bø!!

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, Norgescup Geilo 2012

Johannes Thingnes Bø tok sølvmedalje på NM-sprinten. Foto: Anders Vonheim, Norgescup 2012.

 Johannes Thingnes Bø gjekk inn til sølvmedalje under sprinten på NM skiskyting på Dombås. Johannes var med i teten heile vegen. Han skaut fullt på den liggjande serien medan det vart to strafferundar på ståande. I mål var Johannes berre 28,4 sekund etter gullvinnar Lars Berger som også fekk to rundar på si ståande skyting. Bronsemedaljen gjekk til Emil Hegle Svendsen, også han fekk to strafferundar totalt. Han var 45,7 sek etter vinnaren i mål.

Tarjei Bø vart nummer 20 på sprinten. Han fekk totalt tre strafferundar (2-1) og var 1 min 52 sek etter vinnaren i mål. Også Johan Eirik Meland konkurrerte mot seniorane i dagens sprint. Han fekk tre rundar på liggjande, men skaut fullt på ståande. Det heldt til ein 65. plass. Anders Vonheim kom på 130. plass etter sju bom på standplass.

Resultatliste NM skiskyting sprint menn Dombås 22.3.2013

Vi gratulerer Johannes med NM-sølv!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline