Holmenkollen 2.3.2013:

Postet av Markane IL den 2. Mar 2013

Andreplass til Tarjei Bø på jaktstarten.

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen, Fjordingen

Det vart også i dag pallplass til Tarjei Bø då han gjekk inn til ein  andreplass etter Martin Fourcade på dagens verdscupjaktstart i Holmenkollen.

Tarjei og Martin Fourcade gjekk ut likt på jaktstarten. På den første skytinga skaut dei begge fullt hus, men på den andre skytinga fekk Tarjei to bom medan Fourcade klarte seg med ein bom. Dermed fekk franskmannen ei leiing som han heldt på heilt til mål. Tarjei skaut fullt på tredje skyting, medan det vart ein bom på siste skyting. I mål var Martin Fourcade 27,7 sek før Tarjei Bø. Russaren Alexandr Loginov kom inn til tredjeplass 35,5 sek etter vinnaren.

Johannes Thingnes Bø gjekk seg opp tre plassar på jaktstarten og kom i mål til ein 25. plass. Totalt vart det fem bom på standplass (2-1-0-2). Det var varierande vindforhold og dei fleste utøvarane måtte tåle nokre strafferundar. I mål var Johannes 3 min 17 etter vinnaren Fourcade.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline