Kategori
Ullsheim 28.2.2013:
Postet av Markane IL den 28. Feb 2013
Resultat frå cuprenn 4- omvendt jaktstart fri teknikk
Cristine Indrebø Turøy og Synne Slåtten Sandbakk var med i klassa for jenter 11-12 år. Foto: Borghild Hjelmeset
56 deltakarar stilte opp i sesongens nest siste cuprenn. Rennet gjekk som ein omvendt jaktstart i fri teknikk for klassane frå 11 år og oppover. Utgongpunktet for jaktstarten var det første rennet i årets sesong. Omvendt jaktstart vil seie at resultatlista vert snudd i høve til korleis det gjekk i det første rennet. Dermed gjekk vinnarane frå renn 1 ut til slutt i sine klassar. Tida er oppgjeven som differansar etter vinnaren, og vil dermed nødvendigvis ikkje tilsvare løpstida i dette løpet.
Klassevinnar i klassa for jenter 11-12 år vart Liv Rigmor Netland. I klassa for gutar 11-12 år vann Nikolai Dispen Lødemel. I klassane for 13-14 åringar vart Kari Alsaker og Aksel Mathias Meland klassevinnarar. Roar Alsaker vann klassa for menn senior.
Størst deltaking var det også denne gongen i dei yngste klassane. Heile 21 stilte opp i klassa for dei som er 8 år eller yngre. I klassa for 9-10 år deltok 14 løparar denne gongen.
Fleire foto frå rennet nedanfor. Alle foto er tekne av Borghild Hjelmeset
Resultatliste cuprenn 4 omvendt jaktstart fri teknikk Dato: 28.02.2013
Klare til start i yngste klasse. Frå høgre: Amund Bakke, Inger Hjelmeset, Kornelia Trøsken og Maria Bjørlo Sandbakk.
Kornelia Trøsken klar til løp. I bakgrunnen Maria Bjørlo Sandbakk.
Eirik Bjørlo Sandbakk.
Magnus Midthjell Gjørven og Sigurd Fotland Fænn
Karoline Almskår vel i mål.
Torje Seljeset og Jon Erlend Bø spurtar mot mål i klasse 9-10 år.
Maren Hjelmeset Kirkeeide i mål etter fullført løp i klasse 9-10 år.
Torje Seljeset
Daniel Langeset etter målgong.
Hedda Garlid Hilde i målområdet
Nikolai Dispen Lødemel vann klassa for gutar 11-12 år.
Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik i gong med sin omvendte jaktstart.
Fredrik Nesje Lindvik i fint driv i klassa for gutar 11-12 år.
Magnus Arntsen (nr 123) og Vegard Lødøen Flo (nr 122) klare til start i klassa for gutar 13-14 år.
Wenche Arntsen og Ingrid Meland var heiagjeng ved løypa.
Aksel Mathias Meland vann klassa for gutar 13-14 år.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.