Voss 22.2-24.2.2013:

Postet av Markane IL den 22. Feb 2013

Resultat frå  Hovudlandsrennet i skiskyting 2013.

 Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, (Kvalfoss-sprinten 2013)

Hovudlandsrenn i skiskyting 2013 starta på fredag med første øving, normaldistansen. Mange unge skiskyttarar i klassane  15-16 år stilte til start på Voss. I største gutteklassen var heile 127 deltakarar påmelde. Også Markane IL hadde fire løparar på start, ein i klassa G16 og tre i klasse G15. Det vart litt for mange tilleggsminutt til at nokon kom med heilt i toppen. Best plassering vart det til Håkon Midthjell Gjørven (foto) i klasse G15 med 41.plass (1 bom). I same klassa vart Andreas Halsteinslid nr 77 (3 bom) og Odd Sindre Tonning nr 93 (7 bom). Klassevinnar vart Fredrik Bucher-Johannessen frå Try IL.

I klassa for gutar 16 år vart Gaute Bø nummer 82 med tre bom. Klassevinnar her vart Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo IL. 

Laurdag var det sprint som stod på programmet. Også på sprinten vart det fire frå Markane IL på startstreken. I klassa for gutar 15 år kom Odd Sindre Tonning i dag på 58. plass med fire strafferundar.Håkon Midthjell Gjørven vart nr 75 med totalt fem bom, medan Andreas Halsteinlid vart nr 83 med tre strafferundar. Klassevinnar i 15 års klassa vart Håvard Kne Galåen frå Røros IL som skaut feilfritt. I klassa for gutar 16 år vart Gaute Bø nr 80. Totalt vart det fem bom på dei to skytingane. Klassevinnar vart Harald Øygard frå Skrautvål IL.

Hovudlandsrennet vart avslutta søndag med stafettar. Odd Sindre Tonning og Håkon Midthjell Gjørven gjekk på Sogn og Fjordane sitt førstelag for 15 åringar saman med Lars Erik Telseth og Matias Lote Henden. Dei kom i mål til ein 16. plass. Førstelaget frå Oslo og Akershus vann klassa. Andreas Halsteinslid og Gaute Bø gjekk på Sogn og Fjordane sitt førstelag i klassa G15-16. Med seg på laget hadde dei Torgeir Grønningseter Hauso og Jørgen Ringdal Sæter. Dei gjekk seg inn til ein 23.plass. Klassevinnar vart Buskerud lag I.

 Resultatliste for Hovudlandsrenn skiskyting normaldistanse Voss 22.2.2013. Alle klassar.

Resultatliste for Hovudlandsrenn skiskyting sprint Voss 23.2.2013 Klasse G15 og G16

Resultatliste Hovudlandsrennet skiskyting Voss stafett 24.2.2013 Alle klasser


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline