Steinkjer 16.2.2013:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2013

Resultat frå NM jr fellesstart/DNB cup 5

Jarle Midthjell Gjørven oppnådde beste plassering av markaneløparane på NM-fellesstart med ein 9. plass. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Det var i dag klart for NM jr i fellesstart under Norgescuphelga i Steinkjer. Det kom ingen frå Markane IL heilt opp på pallen i dag, men fleire fekk fine plasseringar. Best plassering av våre fekk også i dag Jarle Midthjell Gjørven (foto) med ein niande plass i klassa for menn 20-21 år. Med ein bom  på kvar av dei fire skytingane vart det 1 min 48 sek opp til klassevinnar Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL. Johan Eirik Meland kom på 12. plass i klassa for menn. Også han fekk ein bom  på kvar skyting og var med det 1 min 27 sek etter klassevinnar Vemund Ravnsborg Gurigard som berre fekk ein runde totalt.

I klassa for menn 18 år kom Lars Midthjell Gjørven på ein 17. plass etter å ha pådrege seg seks rundar på skytinga. Han var 2 min 22 etter vinnaren Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL. Helge Kvam Karbø frå Sunnylven IL/Team Statkraft Nordfjord følgde på sølvplass berre 18 sekund etter vinnaren. Grunde Breidablik kom på  51. plass i same klasse etter å ha fått åtte bom på standplass.

I klassa for menn 17 år vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 56 med sju rundar. Vinnar av 17 års klassa vart Eirik Ishol Skogan frå Steinkjer IL. Janne Alsaker kom på 22. plass i klassa for kvinner 19 år, også ho med sju rundar. Vinnar her vart Marie Nørstebø frå Svene IL.

NC i Steinkjer held fram med NM i mixed-stafett i morgon

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 Dato 16.2.2013 Klasse menn 17år

Resultatliste for NM jr fellesstart DNB cup 5 Dato 16.2.2013 Menn 18 år

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 Dato 16.2.2013 Klasse menn 19år

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 Dato 16.2.2013 Klasse kvinner 19 år

Resultatliste NM jr fellesstart DNB Cup 5 Dato 16.2.2013 Klasse menn 20-21år


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline