Steinkjer 15.2.2013:

Postet av Markane IL den 15. Feb 2013

2.plass til Jarle Midthjell Gjørven på NC-sprinten

 Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 3.3.2012

Jarle Midthjell Gjørven kom på andreplass under NC-sprint i Steinkjer. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 3.3.2012

DNB cup5/Statkraft jr cup 4 vert arrangert i Steinkjer denne helga. Første løp på programmet var sprint, og i klassa for menn 20-21 år kom Jarle Midthjell Gjørven på pallen med ein flott andreplass! Med feilfri skyting og bra fart i løypa skilde det berre 12,8 sekund opp til vinnaren Håkon Svaland frå Birkenes IL. Svaland fekk to bom, men var raskast i løypa i dag. På tredjeplass kom Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL. Han var 18,5 sekund bak vinnaren.

Også dei andre markaneløparane som var i aksjon leverte solid innsats. I klassa for menn 18 år blei Lars Midthjell Gjørven nummer 13. Med to rundar var han 1 min 42 sek etter vinnaren Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL. I samen klassa kom Grunde Breidablik på 46.plass, også han med to rundar.

Johan Eirik Meland kom på 22. plass. Han var 1min 55 sek etter vinnaren etter å ha fått tre stafferundar på dagens sprint. Vinnar blei Martin Femsteinvik frå Hålandsdalen IL som var feilfri på standplass. Georg Kristian Halsteinslid vart nr 54. i klasse menn 17 år med to rundar. Vinnar av klassa vart Kristian Killingberg frå Lier IL.

Markane IL sin einaste representant på kvinnesida, Janne Alsaker vart nummer 24 i klassa for kvinner 19 år etter tre strafferundar. Vinnar her vart Marie Nørstebø frå Svene IL.

I morgon held konkurransane i Steinkjer fram med NM i fellesstart.

Resultatlister for klassane med deltakarar frå Markane IL er lagt ut nedanfor:

Resultatliste DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4. Sprint 15.2.2013. Klasse menn 17 år

Resultatliste for DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 18 år

Resultatliste for DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 19 år

Resultatliste DNB cup 5/Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse kvinner 19 år

Resultatliste DNB Cup 5/ Statkraft jr cup 4 Sprint 15.2.2013 Klasse menn 20-21år 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline