Obertilliach 27.1.2013:

Postet av Markane IL den 27. Jan 2013

Johannes Thingnes Bø verdsmeister

-tok GULL på jaktstarten! 

Johannes Thingnes Bø. Foto: Jan Gustavsson/NSF

Johannes Thingnes Bø tok gull på jaktstarten under jr. VM i Obertilliach. Foto: Jan Gustavsson/NSF

Etter å ha innleia junior-VM med ein flott sølvmedalje på sprinten i går gjekk det endå betre på dagens jaktstart. Etter fire skytingar og 12,5 km i løypa kunne Johannes Thingnes Bø gå i mål som verdsmeister på distansen, 15 sekund føre sølvvinnar Maxim Tsvetkov frå Russland.

Johannes starta dagens jaktstart 5 sekund bak gårsdagens vinnar Alexandr Loginov. Begge skaut fullt på første skyting og Johannes gjekk ut i teten med russaren like bak. På  den andre skytinga vart det ein bom og Johannes passerte ut på ein tredjeplass, 31 sekund bak leiaren. På tredje skyting måtte alle dei tre fremste tåle to bomskot. Men medan dei to russarane fekk høvesvis to og tre bom på den siste skyting, viste Johannes stor klasse med å skyte fullt hus. Dermed gjekk han ut på sisterunden med ei leiing på 27 sekund. Dette var meir enn nok til å halde unna inn mot mål. Vel i mål kunne Johannes juble for VM-gull og sin andre medalje på to dagar. Ein suveren prestasjon!

Junior-VM held fram med normaldistanse på onsdag og stafett på fredag.

Vi gratulerer Johannes med VM-gullet!!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline