Vik 26.1.2013:

Postet av Markane IL den 26. Jan 2013

Gode resultat i landsdelmeisterskapet

-Oskar Guddal Breivik og Johan Eirik Meland klassevinnarar

Oskar Guddal Breivik og Johan Eirik Meland

Til venstre: Oskar Guddal Breivik vann klassa for gutar 11 år (Foto: Torstein Breivik/Ullsrennet 2012). Til høgre: Johan Eirik Meland vart klassevinnar i menn 19 år. (Foto: Team Statkraft Nordfjord/2011)

Over 200 løparar var i aksjon på sprinten under landsdelsmeisterskapet i skiskyting i dag. Arrangør av årets landsdelmeisterskap er Vik IL.

I alt 12 løparar frå MIL stilte opp og leverte flott innsats både i løypene og på  standplass. To av dei gjekk heilt til topps i sine klasser. Johan Eirik Meland vann klassa menn 19 år. Med berre ein bom og god fart i løypa vart sigersmarginen på 1 min 11 sek. Oskar Guddal Breivik vann klassa for gutar 11 år. Også han klarte seg med ein bom på dei 10 skota og vann 29 sek føre Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL. Sigurd Fotland Fænn vart nummer fire i same klassa.

I klassa for gutar 12 år kom Magnus Midthjell Gjørven på andreplass berre 2 sekund etter vinnaren Magnus Seljeset, Hornindal IL. I klassa gutar 13 år kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på 8.plass medan Aksel Mathias Meland kom på 6. plass i gutar 14 år. I klassa for gutar 15 år kom Odd Sindre Tonning på 6.plass og Håkon Midthjell Gjørven på ein 8.plass.

Gaute Bø kom på fjerdeplass i klassa for gutar 16 år medan Lars Midthjell Gjørven kom på ein fin tredjeplass i klassa for menn 18 år.

Også i klassa for dei alle ferskaste skiskyttarane var Markane representert. Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik deltok i klassa for nybyrjarar jenter 10 år og yngre. Begge skaut to fulle hus så dette lover godt for framtida.

Komplett resultatliste for dagens sprint er lagt ut nedanfor. Landsdelsmeisterskapet held fram i morgon med normaldistanse. 

Resultatliste LM skiskyting sprint 26.1.2013 Arrangør: Vik IL 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline