Mo i Rana 20.01.2013:

Postet av Markane IL den 20. Jan 2013

Resultat frå Norgescupsprint i skiskyting

Heidi Flo Bødal. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Dagens øving i Norgescupen i skiskyting i Mo i Rana var sprint. Også i dag var fire løparar frå Markane IL i aksjon. Ingen av desse kom heilt opp på pallen i dag. Likevel vart det ein svært god dag for Team Statkraft Nordfjord med førsteplass både til Heidi Flo Bødal (foto) i K19 og Isak Flo Bødal i M18. I tillegg blei Andrea Skeide Bakke nummer to i K17.

Best plassering av Markane-løparane vart det til Johan Eirik Meland med 6.plass i M19. Han skaut i dag feilfritt på liggjande skyting, men måtte tole to strafferundar etter ståande skyting. I mål skilde det 1 min 5 sek opp til vinnaren Simon Ågheim Kalkenberg frå Skonseng UL som hadde to fulle hus.

I klassa for M20-21 kom Jarle Midthjell Gjørven på 8.plass. Også han fekk to rundar på den ståande skytinga. I mål var han 57 sek etter vinnaren Håkon Svaland frå Birkeland IL/Team Statkraft Lillehammer.

Lars Midthjell Gjørven vart nummer 20 i klassa for menn 18 år. Totalt vart det fire strafferundar etter ein bom på liggjande og tre på ståande skyting. I mål var han  3 min 10 sek etter vinnaren Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord som skaut to fulle hus.

Georg Kristian Halsteinslid kom på 41.plass i menn 17 år. Han skaut feilfritt på liggjande, men fekk tre bom på ståande. I mål skilde det 3 min 16 sek fram til klassevinnar Mattis Haug frå Fet SK.

Komplett resultatliste for dagens sprint er lagt ut nedanfor.

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 sprint. Alle klasser. Dato: 20.01.2013


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline