Mo i Rana 19.01.2013:

Postet av Markane IL den 19. Jan 2013

Resultat frå Norgescupen i skiskyting

Johan Eirik Meland, 2012. Foto: Team Statkraft NordfjordBossmo og Ytteren IL er arrangørar av DNB Cup 4/Statkraft jr Cup 3 denne helga. Første øving var supersprint. I alt fire løparar frå Markane IL var i aksjon. Alle leverte jamnt godt, men ingen kom heilt opp i tetplasseringane denne gongen.

Johan Eirik Meland vart nummer 13 i klassa for  menn 19 år. På prologen var han heilt framme på ein andreplass etter to feilfrie skytingar. Han låg også på andreplass utfrå andre skyting i finalen etter to feilfrie liggjandeskytingar, men etter to bom på kvar av dei ståande seriane vart det til slutt ein 13. plass. Han var 1 min 32 sek etter vinnaren Simon Ågheim Kalkenberg frå Skonseng UL.

Også Lars Midthjell Gjørven kom på 13. plass i si klasse, M18. Han fullførte prologen på ein tredjeplass med feilfri skyting. I finalen blei det ein bom på andre skyting og ein bom på fjerde skyting. Det heldt til ein 13.plass, 1 min 42 sek bak vinnaren Henrik Aslesen frå Fet SK som skaut fire fulle hus.

I klassa for menn 17 år kom Georg Kristian Halsteinslid på 27. plass. Etter dei to liggjande skytingane låg han heilt oppe på 12. plass. Med tre bom på kvar av dei ståande seriane vart det litt lenger ned på lista med ein 27.plass. Han var 2 min 48 etter vinnaren Harald Birkeland Larsen frå Molde og Omegn IF.

Jarle Midthjell Gjørven kom på 14.plass i klassa for menn 20-21 år. Også han gjekk godt på prologen og var her på ein sjetteplass med to feilfrie skytingar. Også i finalen gjekk det feilfritt på skytebana, men litt saktare i sporet enn dei raskaste. I mål var han 1 min 33 sek etter vinnaren Andreas Grimstvedt frå Fossum IF som også skaut feilfritt.

Norgescupen held fram i morgon med sprint.

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 17 år Dato: 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 18 år Dato 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 19 år Dato: 19.01.2013

Resultatliste DNB cup 4 Statkraft cup 3 supersprint menn 20-21 år Dato 19.01.2013


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline