Sjusjøen 5.1.2013:

Postet av Markane IL den 5. Jan 2013

Fine plasseringar under Norgescupløpa på Sjusjøen

Lars Midthjell Gjørven kom på 6.plass i klasse menn 18år. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012

Det vart fleire fine plasseringar til utøverane frå Markane IL under dagens skiskyttarsprint på Sjusjøen sjølv om ingen av dei klatra heilt opp på pallen i dag.

Beste plassering i dag fekk Lars Midthjell Gjørven (foto) som kom på 6. plass i klasse menn 18 år. Med to strafferundar på den ståande skytinga var han 1 min 49 sek etter klassevinnaren Lars Gunnar Skjevdal frå Røros IL/Team Statkraft Nord-Østerdal. Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL/NTG-L kom på andreplass 34,3 sek bak medan Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord kom på tredjeplass 52,2 sek bak.

I klassa for menn 19 år kom Johan Eirik Meland frå Markane IL/Team Statkraft Nordfjord på ein 8. plass. Han fekk ein runde på den ståande skytinga og var 1 min 3 sek etter vinnaren Kristian Andre Aalerud frå Bærum skiklubb/NTG-G. Fredrick Mack Rørvik frå Målselvs skiskyttere/NTG-L kom på andreplass 14.8 sek bak vinnaren medan Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom IL følgde som nummer tre 40.6 sek bak.

I klassa for menn 17 år kom Georg Kristian Halsteinslid på 37.plass. Han var 3 min 22 sek etter vinnaren med totalt tre strafferundar under dagens løp. Klassevinnar her vart Even Nordbø frå Fyresdal SSL/ NTG-G.

I klassa for menn 20-21 år kom Jarle Midthjell Gjørven på 28. plass. Han fekk ein strafferunde på liggande skyting og skaut fullt på ståande. I mål var han 2 min 20 sek etter klassevinnaren Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL.

Med fleire svært jamne klasser ligg alt an til ein spennande jaktstart når norgescupen held fram i morgon.

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 17 år

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 18 år

Resultatliste DNB cup 3/Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 19 år

Resultatliste DNB cup 3/ Statkraft cup 2 Sjusjøen 05.01.2013 klasse menn 20-21 år

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline