Trondheim 23.03.2012:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2012

6.plass til Johannes Thingnes Bø på sprinten i senior-NM

Johannes Thingnes Bø . Foto frå normaldistansen i jrNM/FjordingenJohannes Thingnes Bø kom på sjetteplass under senior-NM i skiskyting i Trondheim. Han var berre 13 sekund bak ein bronsemedalje. Johannes var omlag eit minutt bak vinnaren Emil Hegle Svendsen som skaut feilfritt. Johannes fekk to rundar på liggjande skyting og ein på ståande. Det betyr at han hadde omlag same fart i langrennsløypa som Emil Hegle Svendsen.

 

Også dei andre juniorane til Markane gjekk gode løp. Johan Eirik Meland vart nr 24 og Jarle Midthjell Gjørven nr 41, begge med ein runde. Runar Netland vart nr 132. I alt 152 løparar stilte til start i årets NM.

Tarjei Bø stod over på grunn av sjukdom etter å ha gått showrenn på Bislet i går.

Johannes Thingnes Bø skal også gå fellestarten på laurdag i NM. Dei andre juniorane våre skal gå Norgescupavslutninga.

Resultatliste sprint senior-NM Trondheim 23.03.2012


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline