Trondheim 21.03.2012:
Postet av Markane IL den 22. mar 2012
NM-gull og kongepokal på normaldistansen til Tarjei Bø

Sølvvinnar Dag Erik Kokkin, gull-og kongepokalvinnar Tarjei Bø og bronsevinnar Rune Brattsveen. Foto: Thea Gunnes
Tarjei Bø sikra seg ein ny NM-tittel på normaldistansen under opninga av NM i skiskyting for senior i Trondheim i dag. Tarjei klarte seg med to tillegsminutt og var nesten tre minutt føre Dag Erik Kokkin frå Åsnes IL som hadde eitt tilleggsminutt. På tredjeplass fylgde Rune Brattsveen.
Johannes Thingnes Bø var berre tolv sekund bak storebror Tarjei i langrennstid, men 7 tilleggsminutt vart i meste laget for å henge med heilt i teten. I mål heldt det til ein
Jarle Midhjell Gjørven på 31. plass viste solid skyting med tre tilleggsminutt. Dei andre lokale plasseringane var 40) Håvard Bogetveit, Førde, 47) Pål Skrede, Hardbagg 57 Ronny Hafsås, Stårheim og 79 veteranen Edvard Tvinnereim, Hardbagg som ikkje er rask i sporet, men som greidde seg med tre tilleggsminutt.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Miljøsamling 26.-27.9.2026
14.09.2026
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026