Harpefossen 17.-18.03.2012:

Postet av Markane IL den 20. Mar 2012

God deltaking på krinscupavslutninga

Premieutdeling klasse gutar 13 år for sprinten på krinscupavslutninga. Foto: Nordfjord Team

 Premieutdeling for klasse G13 etter årets siste sprint.

Frå venstre: Aksel Mathias Meland, Johan-Olav Smørdal Botn, Vegard Skrede, Sivert Myrhol, Magnus Arntsen, Runar Naustdal og Ottar Frøysa Hellebostad. Foto: Nordfjord Team

Stårheim IL og Heggjabygda IL arrangerte i helga krinsavslutning på Harpefossen. Konkurransane gjekk i disiplinane sprint og jaktstart for klassane 13 år og eldre, medan dei under 13 år gjekk sprint på laurdag og normaldistanse på søndag.
 Laurdag var det fint vårveir og ein fryd å vere skiskyttar, medan søndag var
 snødrev og litt utriveleg vêr.

 I tillegg til premiar for helgas konkurransar vart det delt ut premiar til vinnarane av krinscupen samanlagt og sparebankkruset. Årets sparebankkrus gjekk til Erlend Solhaug Myklebust frå Stårheim IL.

Meir om korleis det gjekk med deltakarane frå Markane denne gongen, finn du nedanfor.

Resultatliste krinscupavslutning Stårheim 17.-18.03.2012

 

 

Markane IL hadde også i desse konkurransane deltakarar i dei fleste klassene.

I dei yngste klassane som ikkje vert rangerte etter tid, var Markane IL representerte med Jon Erlend Bø, Sondre Roset, Oskar Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Andreas og Emilie Flo Stavik, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Liv Rigmor Netland. Mange unge lovande skiskyttarar blant desse!

Magnus Midthjell Gjørven kom på andreplass i sprinten og gjekk inn til siger på sesongens siste jaktstart i klasse G11. I same klasse blei Vegard Vinsrygg Steen og Marius Arntsen nr 5 og 6 på sprinten og gjekk seg begge fram ei plassering på jaktstarten.

Kari Alsaker avslutta sesongen i klasse J12 med to fine tredjeplassar.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann sprinten i krinscupavslutninga. Foto: Nordfjord Team

Frå venstre: Magnar Lødemel, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Tore Årskog, Andreas Henden Lote, Oliver Kirkeeide Næss og Rasmus Hopland. Foto: Nordfjord Team

I klassen G12 vann Simon Hjelmeset Kirkeeide medan Oliver Kirkeeide Næss vart nr 5. På jaktstarten vart det 8.plass til Simon etter nokre bom på standplass medan Oliver kom på 7.plass.

I klassen for gutar 13 år vart Aksel Matias Meland nr 2 og Magnus Arntsen nr 5 både på sprinten og jaktstarten. I klassen for gutar 14 år kom Håkon Midthjell Gjørven, Grim Nygård og Andreas Halsteinslid kom på 5., 6., og 7.plass på sprinten. Dei to førstnemde stilte også på jaktstarten og bytte der plasseringar. I klassen for gutar 15 år kom Gaute Bø på fjerdeplass begge dagar, medan Georg Halsteinslid kom på fjerdeplass på sprinten og femte på jaktstarten.

Johan Eirik Meland vann sprinten i klasse M18, men stilte ikkje opp i den påfølgjande jaktstarten på søndag.


 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline