Khanty Mansijsk 18.03.2012:

Postet av Markane IL den 18. Mar 2012

9.plass til Tarjei Bø i verdscupavslutninga.

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen/Fjordingen

Tarjei Bø avslutta årets verdscupsesong i skiskyting med 9. plass på fellesstarten.

Tarjei var med i teten frå starten av løpet, og skaut fullt hus på første skyting. På andre liggande vart det ein bom, og dermed gjekk han ut på 11. plass. På tredje skyting var det vind og vanskeleg forhold på standplass. Dermed kom det tre bom til. Men i dei vanskelege forholda vart det mykje bom på mange løparar, og dermed hadde Tarjei framleis moglegheit til å kome på pallplass. Men med nok ein bom på siste ståande vart det tilslutt ein 9. plass. Han var 55 sekund bak vinnaren Emil Hegle Svendsen. Arnd Pfeiffer kom på andreplass og Anton Shipulin tok bronsen.

Med 9.plass i dag enda Tarjei Bø med 680 poeng i verdscupen. Dette heldt til ein 7.plass. Martin Fourcade vann verdscupen samanlagt med 1116 poeng. I fellesstartcupen kom Tarjei på ein 20.plass.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline