Holmenkollen 18.03.2012:

Postet av Markane IL den 18. Mar 2012

Gull i stafett til Sogn og Fjordane

-Johannes Thingnes Bø tok sitt femte NM-gull på vel ei veke!

Stafettlaget til Sogn og Fjordane tok gull i junior-NM ski i Holmenkollen. Frå venstre: Gjøran Tefre, Mats Leirdal, Håvard Bogetveit og Johannes Thingnes Bø. Foto: Svein Halvor Moe

Stafettlaget til Sogn og Fjordane vart historiske då det er første gong eit lag frå vårt fylket har vunne herrestafetten i junior- NM i langrenn.

  Johannes Thingnes Bø var ankermann for laget. Han gjekk siste etappe og auka leiinga  frå sju sekund ved siste veksling til 30 sekund i mål. Dei andre på laget var Mats Leirdal (IL Bjørn), Gjøran Tefre (Førde IL) og Håvard Gutabø Bogetveit (Førde IL). Laget frå Sogn og Fjordane hadde bestetid på dei tre siste etappane. Akershus kom på 2. plass eit halvt minutt bak, og Oppland kom inn som tredje beste lag. I fjor kjempa gutelaget også om ei pallplassering, men enda på 6. plass. Dagens gullmedalje vart Johannes Thingnes Bø sitt femte NM-gull på vel ei veke!

Jarle Midthjell Gjørven gjekk stafett for Sogn og Fjordane 2 som kom på 20. plass. På Sogn og Fjordane 4 gjekk Lars Midthjell Gjørven. Dette laget vart nummer 78. Totalt stilte heile 111 lag opp til krinsstafetten i junior- NM i nordiske greiner i Holmenkollen.

Resultatliste jrNM ski 2012 Holmenkollen stafett 4x5 km for herrar 18.03.2012

Vi gratulerer med nok eit gull!

 

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline