Ullsheim 11.03.2012:

Postet av Markane IL den 12. Mar 2012

Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø på Sogn og Fjordane sitt gull-lag i stafetten!

Sogn og Fjordane sitt gullag i NM-stafetten for M17-21. Foto Morten Viste Scheie 

Sogn og Fjordane sitt gullag på stafetten for klasse M 17-21. Frå venstre: Johannes Thingnes Bø, Ole Martin Erdal, Håvard Gutabø Bogetveit og Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Morten Viste Scheie.

 Markaneløparane Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø gjekk begge på Sogn og Fjordane SSK sitt gull-lag i stafetten for klasse M 17-21. For Johannes Thingnes Bø  vart det den tredje gullmedaljen av tre moglege under jr. NM skiskyting! Med seg på laget hadde dei to skiskyttarar frå Førde IL, Håvard Gutabø Bogetveit og Ole Martin Erdal.

Alle løparane på Sogn og Fjordane sitt lag leverte gode løp og laget var blant dei fremste laga heile vegen, men låg om lag eit minutt på leiarlaget fram til siste etappe. Johannes Thingnes Bø gjekk ut på siste etappe på ein fjerdeplass 1 min 12 sek etter leiarlaget som på dette tidspunktet var Oslo og Akerhus lag 1. Som vanleg var Johannes suveren i sporet og med god skyting i tillegg, gjekk han Sogn og Fjordane fram i teten etter andre skyting. I mål var Sogn og Fjordane sitt lag 36 sekund føre sølvvinnar Oslo og Akershus lag 1 (Andreas Aalberg Huse, Mats Røksund, Joakim Andersen og Andreas Grimstvedt)
Bronsen gjekk til Sør-Trøndelag SSK. Laget besto av Martin Muan, Chris Endre Haugen, Johan Saur Kilskar og Tommy Grøtte.

Markane IL hadde også to løparar i aksjon på Sogn og Fjordane sitt andrelag. Runar Netland og Isak Fotland Fænn gjekk saman med Geir Olav Roset og Pål Andre Skrede inn til ein 19.plass.

Johan Eirik Meland vart sjuk og måtte melde forfall til Sogn og Fjordane sitt lag i klassen M17-18. Laget som vart beståande av (Helge Kvam Karbø, Isak Flo Bødal, Lars Midthjell Gjørven og Vebjørn Hjelle), gjekk inn til ein åttande plass og dermed premie i NM. Medaljane gjekk til Nord Trøndelag, Oppland og laget til Oslo og Akershus.

Janne Alsaker gjekk for Sogn og Fjordane sitt andrelag i klassen K 17-21 saman med Kristin og Merete Heggen. Dei kom i mål på 27.plass. Vinnar av klassa vart Oppland. Sølv og bronse gjekk til Nord Østerdal og Hordaland. Sogn og Fjordane sitt første lag med 17-åringane Mari Solli Eide, Helene Støve Otterdal og Heidi Flo Bødal vart nr sju i klassa og oppnådde dermed premie.

Resultatliste NM jr skiskyting stafett 11.03.2012

Vi gratulerer Sogn og Fjordane sitt gull-lag! 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline