Ullsheim 10.03.2012:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2012

Nytt NM-gull til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø i innspurten til sprintgull i NM. Foto: Jan Åge Sundnes 

Johannes Thingnes Bø spurtar inn til NM-gull på sprinten. Foto: Jan Åge Sundnes

Johannes Thingnes Bø tok sitt andre NM-gull på like mange dagar då han gjekk inn til suveren siger på sprinten i klasse M19. I mål var han heile 1 min 47 sekund føre sin næraste konkurrent Chris Andre Haugen frå Trondhjems skiskyttere/HVGS. Tommy Grøtte også han frå Trondhjems skiskyttere tok bronse. Også i dag leia Johannes løpet frå start til mål. På første skyting vart det også fullt hus, og sjølv om det vart to strafferundar på sståande skyting var det aldri tvil om kvar sigeren skulle ende.

Markane IL hadde også tre andre løparar i klasse M19. Jarle Midthjell Gjørven vart nr 27, Runar Netland nr 41 og Isak Fotland Fænn nr 50.

Johan Eirik Meland som tok gull i går, gjekk eit godt løp også i dag. Det vart ein bom på kvar av skytingane, og etter andre skyting gjekk han ut heilt oppe på tredjeplass. 18 års klassen var utruleg jamn. Det skilde under 30 sekund mellom nr 2 og nr 16. Johan Eirik tapte litt i løypa på siste runden, og i mål heldt det i dag til ein fin åttande plass. Espen Sonåsen frå Meråker IL vann klassa klart. Henrik Sagosen Smeby frå Bevern IL tok sølv og Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom tok bronse.

I klassen M17 hadde Markane IL ein deltakar. Lars Midthjell Gjørven kom inn til ein 16.plass. Han var 2 min 23 sek etter Andreas Sommerstad Juveli frå Lier IL som tok NM-gull for andre dag på rad. På sølvplass kom Lars Gunnar Skjevdal frå Røros og på bronseplass Trygve Kjøsnes Wekre frå Steinkjer IL.

I kvinneklassene var Janne Alsaker einaste markaneløpar på start. Ho deltok i klasse K18 og gjekk seg inn til ein 25. plass. Marie Nørstebø frå Svene IL tok NM-gullet med Kristin Sandeggen frå Alvdal IL tok sølv og Mathilde Guldvik frå Vingrom IL tok bronsen.

Vi oppfordrar alle om å besøkje junior-NM si eiga heimeside. Her er komplette resultatlister og mange reportasjar frå NM-dagane. Det er også mogleg å følgje NM på nett-TV på NRK her.

Resultatliste NM jr skiskyting sprint og Norgescup senior Ullsheim 10.03.2012

Vi gratulerer Johannes med nok eit gull!

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline