Ruhpolding 09.03.2012:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2012

Gull på VM-stafetten til Tarjei Bø!

Tarjei Bø under stafetten i Ruhpolding. Foto frå NRK

Tarjei Bø gjekk ein flott tredjeetappe under VM-stafetten i Ruhpolding. Foto frå NRK.

Stafetten opna dårleg for Noregs lag då Ole Einar Bjørndalen fekk ein strafferunde på første etappe. Ved første veksling låg Noreg heilt nede på 13.plass. Rune Brattsveen gjekk ein god andre etappe og førte Noreg tilbake i medaljekampen.

Vår eigen Tarjei Bø gjekk ein flott tredje etappe. Han hadde stor fart i sporet og kontrollert skyting der det gjekk med to ekstraskot før alle ti blinkane var ned. Tarjei kunne dermed sende Emil Hegle Svendsen ut på siste etappe 21, 3 sekund bak Frankrike som hadde Martin Fourcade på siste etappe. Emil Svendsen gjorde jobben. Medan franskmannen sprakk på ståande skyting, skaut Svendsen årsbeste. Noreg tok dermed sigeren. Frankrike og Tyskland følgde på dei neste plassane. Dermed har Tarjei sikra seg ein gullmedalje også i årets VM! Den gode farten i sporet lovar også godt før søndagens fellesstart.

Vi gratulerer med nytt VM-gull!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline