Ruhpolding 06.03.2012:
Postet av Markane IL den 6. mar 2012
18.plass til Tarjei Bø på normaldistansen i VM

Tarjei Bø gjekk ut på dagens 20 km som tittelforsvarar, men med bom på dei to første skota vart det ein vanskeleg start på løpet. Resten av løpet var av god kvalitet, sjølv om det blei ytterlegare to tilleggsminutt. I løypa vart Tarjei nest raskast, berre slegen av Martin Fourcade. Med fire tilleggsminutt vart det likevel berre ein 18.plass. Jakob Fak frå Slovenia vart dagens verdsmeister.
Den gode farten i sporet gjev likevel håp om at det kan snu fort for Tarjei. Om det vert klaff på standplass, kan det kome nye toppresultat både på stafetten (fredag) og fellesstarten (søndag).
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Miljøsamling 26.-27.9.2026
14.09.2026
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026