Norgescup Orkdal 11.-12.02.2012

Postet av Markane IL den 12. Feb 2012

Sølv til Johan Eirik Meland på sprinten

-bronse til Jarle Midthjell Gjørven på jaktstarten

Johan Eirk Meland under NC Orkdal 11.02.2012. Foto: Rune Tryggestad

Johan Eirik Meland kom på andreplass i klasse M18 år under Norgescupen i Orkdal 11.12.2012. Foto: Rune Tryggestad

Helgas Norgescuprenn i Orkdal gav to nye medaljar til skiskyttarar frå Markane IL. Under laurdagens sprint kom Johan Eirik Meland på sølvplass i klassen M18 år. Han var 11 sekund etter vinnaren Anders Kvam. Begge imponerte på standplass med feilfri skyting.

I klassen for M17 vart det ein 25. plass til Lars Midthjell Gjørven etter noko svak skyting med to bom på liggjande og fire bom på ståande. Vinnar av klassa vart Andreas Owren frå Vingrom IL.

I klassen for M19 vart det ein fin 8.plass til Jarle Midthjell Gjørven. Med ein bom på ståande skyting var han 53 sekund etter klassevinnar Øystein Ulekleiv frå Dombås IL.

På søndagens jaktstart var det Jarle sin tur til å kome på pallen. Med god fart i løypa og berre tre rundar gjekk han seg opp frå åttande til bronseplass. Vinnar av klassa vart Tommy Luchsinger frå Bevern IL.

Johan Eirik Meland hadde ikkje heilt dagen på standplass. Seks rundar på jaktstarten vart i meste laget, og dermed vart det ein åttande plass 1min 23 sek etter vinnaren Andreas Kvam frå Meldal IL. Lars Midthjell Gjørven gjekk seg fram 13 plassar og enda på 12.plass i jaktstarten for M17. Lars Aasheim Svaland frå Birkenes IL/SVG vann denne klassa.

Resultatliste Norgescup Orkdal sprint 11.02.2012 

 Resultatliste Norgescup Orkdal jaktstart 12.02.2012


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline