21.01.2012:

Postet av Markane IL den 22. Jan 2012

Johannes Thingnes Bø tildelt Karolineprisen!

Tom Hilde, Johannes Thingnes Bø og rektor Vilhelm Lae. Foto. Wang Toppidrett

Johannes Thingnes Bø mottok Karolineprisen frå skihoppar Tom Hilde (t.v). Til høgre rektor Vilhelm Lae på Wang Toppidrett. Foto: Wang Toppidrett.

Fredag vart han teken ut til junior-EM i skiskyting i Osrblie og laurdag vart Johannes Thingnes Bø tildelt Karolineprisen for 2012 som landets største skiskyttartalent.

Utdelinga fann stad på ei tilstelling ved Wang Toppidrett i Oslo. Prisen er på 20 000 kroner og vart delt ut av skihopparen Tom Hilde.

Prisen vert årleg delt ut til ein elev i den vidareågande skulen som har utmerka seg positivt ved å kombinere skulegang og topp-prestasjonar.

– I grunngjevinga heiter det: "Johannes Thingnes Bø har topp prestasjonar i alle skulefag. Samstundes er han grossist i NM-titlar i si klasse, og utfordrar verdas beste skiskyttarar i seniorklassa."

Juryen trekte fram at 18-årige Johannes Thingnes Bø i tillegg til idretten har tid og overskot til å medverke aktivt i lokalsamfunnet i Stryn. Og at han raust har bidrege som trenar på ulike nivå, mellom anna med psykisk utviklingshemma.

– "Et flott ideal for annen ungdom og en verdig vinner som lever opp til Karolineprisens intensjon", meiner juryen. Juryen bestod av Karoline Krüger som i 1988 var første vinnar for hennar innsats i norsk og internasjonal Grand Prix, Vilhelm Lae, Hanne Staff, Trond Myhre, Elisabeth Andreassen og Lage Fossheim.

Det er dei vidaregåande skulane som sender inn framlegg på kandidatar. I år var det føreslege tilsaman 78 kandidatar frå eit breitt spekter av aktivitetar.

Vi gratulerer med Karolineprisen!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.