Norgescup Simostranda 14.01.2012

Postet av Markane IL den 15. Jan 2012

Johan Eirik Meland vinnar av supersprinten!

Johan Eirik Meland under NC påLygna. Foto: John Roger Meland

Johan Eirik Meland vann supersprinten for klassa menn 18år.

Foto: John Roger Meland. Foto er teke under NC på Lygna 10.12.2011.

Johan Eirik Meland gjekk nok ein gong heilt til topps i eit Norgescupløp! Denne gongen på øvinga supersprint under DNB NorCup på Simostranda.

Supersprinten består av ein prolog før det vert finale for dei 30 beste. Etter prologen var Johan Eirik på ein 14.plass, men når det gjaldt som mest i finalen levert han ein prikkfritt løp. God fart i løypa og fire fulle hus gav siger 14 sekund føre Aslak Nenseter Bø SSL/SVG og 30 sekund føre Sigve Gederaas Denstad frå Trondhjems skiskyttere MVGS.

I klassa for 17 åringar kom Lars Midthjell Gjørven på ein 20. plass etter fem strafferundar. Differansen fram til dagens vinnar Sindre Fjellavli frå Bossmo og Yttern, var på 2 min 19 sekund.

Johannes Thingnes Bø og Jarle Midthjell Gjørven leverte strålande løp under prologen og låg høvesvis på første og tredje plass før finalen. Reglane for supersprintfinalen for M/K 19 år og oppover er slik at løpet har fire skytingar. Det er høve til å bruke tre ekstraskot på kvar skyting, men om det etter ekstraskota står att blinkar er løparen ute av finalen.

Johannes rauk ut av finalen etter for mange bom på den tredje skytinga medan Jarle rauk ut på fjerde og siste skyting. 12 av løparane i klasse menn19 klarte å fullføre finalen. Dermed enda det med 13.plass til Johannes Thingnes Bø og 14.plass til Jarle Midthjell Gjørven. Runar Netland vart nummer 33 og mista dermed finaleplassen med berre 8 sekunds margin. Vinnar av klasse M19 vart Bendik Aketun frå Fyresdal SSL.

Resultatliste DNB Cup3/Statkraft cup2 Supersprint Simostranda 14.01.2012

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline