Stryn 22.12.2011:
Postet av Markane IL den 22. des 2011
Ola Sætren tildelt kulturprisen for Stryn kommune 2011.

Ola Sætren med diplomet som viser at han er tildelt årets kulturpris for Stryn kommune. Foto: Ove Sveen/Fjordingen.
Ola Sætren vart tildelt Stryn kommune sin kulturpris for 2011 for sin store innsats innan idrett- og ungdomslagsarbeid og politikk.
Innan idretten har han særskilt engasjert seg innan hoppsporten. Han har tidlegare vore leiar for Fjordane skikrins, leiar i langrennsutvalet i skikrinsen og leiar av anleggsutvalet. Han vart autorisert som hoppdommar i 1962. Ola Sætren er også anleggsrådgjevar for skiforbundet i langrenn og hopp, og har mellom anna konstruert storbakken på Vangen.
I 2005 vart han utnemnd til æresmedlem i Markane IL for sin store innsats i laget gjennom mange år.
I tillegg til engasjementet innan idrett sat han også i 11 år i kommunestyret i Stryn.
Vi gratulerer med velfortent kulturpris!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
NM-siger to dagar på rad til Maren!
20.09.2026
Miljøsamling 26.-27.9.2026
14.09.2026
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026