Lygna 10.12.2011:

Postet av Markane IL den 11. Des 2011

God start på årets Norgescup

-1.plass til Johan Eirik Meland og 3.plass til Johannes Thingnes Bø.

Johan Eirik Meland i sporet, Lygna 10.12.2011. Foto: John Roger Meland

Johan Eirik Meland gjekk heilt til topps i klasse M18 under årets første Norgescupløp. Foto: John Roger Meland

 Det vart ein god start på sesongen for skiskyttarane. Under årets første Norgescup for juniorar gjekk Johan Eirik Meland heilt til topps i klasse M18 på dagens normaldistanse. Med eit tilleggsminutt på andre skyting vann han 7 sekund føre Jørgen Blokkum frå Trondhjem Skiskyttere som skaut feilfritt. Håkon Livik frå Meråker SSK som også hadde eit tilleggsminutt, følgde på tredjeplass 1min 17 sekund bak Johan Eirik.

Også Johannes Thingnes Bø starta sesongen med pallplassering i klasse M19. Som vanleg suveren fart i løypa, men to tilleggsminutt på første skyting og tre på siste skyting vart akkurat i meste laget til å gå heilt til topps. Det vart ein tredjeplass i dag. Differansen opp til vinnaren Tommy Grøtte frå Trondhjem Skiskyttere som berre fekk to tilleggsminutt, var berre 49 sekund. På andreplass kom Bendik Aketun, Fyresdal SSL/SVG. Han var 35 sekund etter vinnaren med eit tilleggsminutt. 

 

 

I tillegg til dei to som kom på pallen, var også fire andre løparar frå Markane IL med på Lygna. I klasse M19 deltok i tillegg til Johannes Thingnes Bø også Jarle Midthjell Gjørven og Runar Netland. Jarle Midthjell Gjørven kom på 20.plass 5 min 52 sek bak vinnaren med 6 tilleggsminutt. Runar Netland vart nummer 30. Også han fekk 6 tilleggsminutt og kom i mål 7 min 15 sekund bak vinnaren.

I klasse M17 deltok Lars Midthjell Gjørven. Han heldt god fart i sporet, men 12 tilleggsminutt var litt i mestelaget til å kome heilt i toppen denne gongen. Likevel ein 41. plass med berre 9 min 33 sekund opp til vinnaren Anders Sommerstad Juveli frå Lier IL som berre fekk tre tilleggsminutt. I denne klassa kom Isak Flo Bødal frå Stårheim/Nordfjord Team på ein flott tredjeplass.

Einaste jente som deltok for Markane IL, var Janne Alsaker i klasse K18. Ho kom på 27.plass med ni tilleggsminutt. Vinnar av klassa vart lagvenninna på Nordfjord Team, Helene Støve Otterdal frå Hornindal IL som berre fekk eitt tilleggsminutt. Heidi Flo Bødal frå Stårheim IL/Nordfjord Team kom på ein solid sjetteplass i same klasse.

Mari Sollid Eide frå Hornindal IL/Nordfjord Team leverte også eit svært bra løp i klasse K17 med ein sjuandeplass.

Meir om lokale løparar er også å finne på Nordfjord Team si heimeside.

Helene Støve Otterdal frå Hornindal IL. Foto: John Roger Meland

Helene Støve Otterdal frå Hornindal IL/Nordfjord Team gjekk heilt til topps i klasse K18. Foto: John Roger Meland

Sjå også : Resultatliste for normaldistanse DNB Cup 2/Statkraft Cup 1


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.