Dombås 26.-27.11.2011:

Postet av Markane IL den 28. Nov 2011

God innsats av skiskyttarane i opningsrennet på Dombås

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Anders Vonheim

Skiskyttarjuniorane leverte solid innsats i helgas opningrenn på Dombås. Best gjekk det for Jarle Midthjell Gjørven (foto) som vann normalløpet i klasse M19 suverent med berre to bom og god fart i løypa. Sigersmarginen ned til Øystein Ulekleiv frå Dombås IL var på 1min22sek. I same klasse kom Runar Netland på ein sjetteplass.

I klassa M17 vart det ein femteplass til Lars Midthjell Gjørven trass ni bom. Han var 4 min 38 sek etter vinnaren Anders Sommerstad Juveli frå Lier IL som berre hadde tre bom.

Johan Eirik Meland hadde beste tid i klasse M18, men vart diska på grunn av feil rekkefølgje på liggjande og ståande skyting.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.