Nordfjordkarusellen:

Postet av Markane IL den 9. Aug 2011

Heiamila 10.august 2011.

Startfeltet i Postvegløpet. Foto: Klemet Bø

Startfeltet i Postvegløpet 2011. Foto: Klemet Bø

Årets "Postvegløp" som også var det fjerde løpet i Nordfjordkarusellen, samla svært stor deltaking. Dersom nokon vart inspirerte til å vere med på løpa i Nordfjordkarusellen vidare, er det no klart for løp nummer fem, "Heiamila".

"Heiamila" vert arrangert av Heia IL onsdag 10.august. Start-og målgong er på Tua i Stigedalen. Start for deltakarar på 10 km løypa er kl.19.00 medan dei som ønskjer å delta på kort distanse (3 km), startar kl.18.00.

Påmelding skjer ved start. Deltakaravgift er 100 kr for konkurranseløparar, 50 kr for deltakarar i trimklassa og 150 kr for familie.

Sjå også Nordfjordkarusellens heimeside.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline