Markane dominans i Toppcup Nordfjord

Postet av Markane IL den 6. Apr 2008

Søndag 6. april gjekk siste rennet i Toppcup Nordfjord av stabelen. Denne gongen var det Natakupa løparane sette utfor. Utfor er ei passande beskriving for konkurransen som ikkje hadde portar. Her gjekk det fort.

Dagens bestemann var Vegar Sætren Bøe som brukte berre litt over 3 minutt på renninga ned til botnen av Steindalstrekket.

 

Vidare hadde Markane klassesiger i yngre junior med Trygve Sætren Bøe og i klassen eldre veteran ved Kåre Bøe. Med andre ord storeslem frå familien Bøe! Dei vann 3 av 6 klassar.

 

Med sigeren i Natakupa ned drog Vegar i land samanlagtsigeren i  Topcup Nordfjord.  Toppcup Nordfjord vart arrangert for første gong i år og sigeren går til den som har best totaltid på dei tre renna: Høgenibba ned, Nakkjen ned og Natakupa ned. På andreplass i samandraget kom Henning Heimlid og tredjeplassen gjekk til Isak Bergset. Markane var det suverent beste laget der heile 5 av dei 7 beste i samandraget var Markarar. 4. til 7. plassen gjekk til: Antti Hannukainen, Trygve Sætren Bøe, Kåre Bøe og Torbjørn Hatledal.

 

Resultat med tider kjem sikkert på nette ein eller anna plassen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.