Skiposten 2008

Postet av Markane IL den 17. Jan 2008

skipostenNo er den første skiposten hengt ut. I løpet av dei næraste dagane vil det vere kart med klippekort i postkasse på Ullsheim og ved Stryn Skisenter. Om du vil skrive ut kart sjølv kan du laste ned:

Skipostne kart framside

Skiposten  bakside

Informasjon Skiposten 2008



Skiposten er eit tilbod til barn og unge opp til og med 15 år. Kvar veke fram til påske blir det hengt ut ein ny post i turløypene til Skiturlaget Ullsheim-Stryn. På postane heng det ei klippetang som deltakarane brukar til å klippe i kortet sitt. Klippekortet klipper du ut frå framsida av dette informasjonsarket.

Postane
Kartet på framsida viser kvar postane blir hengt ut. Kvar post heng ute i to veker. Om deltakaren ikkje får med seg ein post den veka den blir hengt ut kan ein få med seg posten veka etter, men då heng det samtidig ute ein ny post å besøke.

Når påska er over og det ikkje blir hengt ut fleire postar sender deltakarane kortet til skigruppa i Markane IL ved Henning Heimlid, Skogtun 6783 Stryn. Innsendingsfrist for å vere med i trekninga av premiar er tysdag 1. april.

Deltaking
Det er gratis å vere med som deltakar av Skiposten og heller ingen krav om medlemskap i noko idrettslag. Alle unge som vil kan vere med, men vi oppfordrar alle brukarar av turløypene om å kjøpe årskort i Skiturlaget Ullsheim-Stryn.

Premiar
Alle som leverer inn klippekort med besøk på 4 postar eller fleire får diplom. Dei er i tillegg med på trekninga av eit familieårskort frå Turløyper Stryn AS på kroner 600,-  og 6 gåvekort hjå Ytre-Eide Sport AS til samla verdi av kroner 1500,-.

Arrangør
Skiposten er eit samarbeid mellom Skigruppa i Markane IL, Turløyper Stryn AS og Ytre-Eide Sport AS.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline