Ungdomsleir i Sogn 20.-22.-april

Postet av Markane IL den 3. Apr 2007

Her blir det moro med orientering og du kan òg vere med på Kjeringi Open om du vil. Kontaktperson Vigdis Sætren

Sogn og Fjordane Orienteringskrins og Sogndal i.l.

Inviterer O-ungdom i alderen 11-16 år (og gjerne eldre) til

UNGDOMSLEIR 2007

i Sogn 20.-22. april

Frammøte på Kaupanger Skule fredag 20. april kl. 18.00 ,

Avsluttast søndag 22. April ca. kl. 15.00

* O-teknisk trening og sosiale aktiviteter fredag kveld.

* Laurdag blir muligheit for å vere med på Kjeringi Open på Leikanger, (for meir info sjå www.kjeringi-open.no).

*O-teknisk trening søndag.

*Info om O-landsleir og hovedløp.

*God muligheit til å bli kjent med fleire o-løpere i kretsen

og mykje mOrrO...“DOn´t miss it!”

Overnatting på hardt underlag, dusj på Kaupanger skulen. Ta med sovepose og liggeunderlag.

Deltakeravgift kr. 100, - dekker mat, overnatting, kart m.m. Krinsen sender rekning til klubbane.

Ved påmelding vil vi ha namn, o-lag, fødselsår, telefon og gjerne e-postadresse, opplys også om du har egen EKT-brikke.

Sei ifrå ved påmelding om du skal vere med på Kjeringi-Open, om du er påmeld allereie eller har lyst å bli med på eit miksa lag saman med andre o-løpere.

*Kvart klubb må stille med ein lagleiar pr fem deltakere.

Påmelde deltakere får meir info.(NB! Legg ved mail-Adresse og mobilnr.)

Nærmere info / påmelding til HL-kontakt Vigdis Sætren tlf. 90024801

E-post: vigdis.saetren@enivest.net. Påmeldingsfrist: 18.april.

Helga 27.-28. april blir det samling i Stryn i samband med krinsløp laurdag 28. april og Olden-stafetten som går søndag 29.april.

Denne samlinga blir mest truleg på Stryn Skisenter, frammøte kl 18.00 fredag 27. april, avslutning laurdag kveld, med muligheit for overnatting til søndag for dei som vil springe terrengløp stafett i Olden.

Gje beskje ved påmelding til Stryn om de allereie er med på eit klubb lag eller om de vil bli med på eit o-løper lag!

Meir info vedr. Stryne helga kjem seinare.

VILT, VAKKERT OG RÅTT!!!

For meir info følg med på O-krinsen sine heimesider

www.orientering.no/kretser/SognFjordane/


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.