Svene 7.3.2015:

Postet av Markane IL den 7. Mar 2015

God innsats også på sprinten under HL skiskyting

Gjengen frå Markane på HL feirar gull og bronse til Johannes og Tarjei. Foto: TSN

HL-gjengen frå Markane IL  heiser flagget og gratulerer Johannes og Tarjei med gull og bronse. Frå venstre: Aksel Mathias Meland, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Roar Alsaker, Kari Alsaker og Anne Marie Roset. Foto: TSN

 HL skiskyting 2015 heldt fram i Svene i dag med sprint på programmet. Best av våre vart Aksel Mathias Meland med ein 12. plass i klasse G16. Sjølv om det vart to bom på kvar av skytingane, skilde det likevel ikkje meir enn 1 min 2.5 sek fram til gullvinnar Filip Fjeld Andersen. Andersen hadde ein strafferunde. Sølvet gjekk til Torjus Idland frå Figgjo IL som var 22.3 sek bak vinnaren med to fulle hus. Lars Hammernes Leopold gjekk inn til tredjeplass, 33.2 sek etter med to bom. I same klasse gjekk Magnus Arntsen inn til ein 45. plass. Med totalt tre strafferundar var han 2 min 14.1 sek etter vinnaren. Ein annan lokal løpar som gjorde det godt i G16 var Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL som kom på femteplass, 45 etter vinnaren med feilfri skyting. Heile 131 løparar deltok i klasse G16.

I klasse G15 vart Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 58. Sjølv om det vart tre bom på kvar skyting, skilde det berre 2 min 40.5 sek fram til klassevinnaren Martin Alfheim frå Bossmo og Ytteren IL som skaut feilfritt. Andreplassen i klassa gjekk til Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL som var 7.1 sek etter vinnaren med ein bom. Ørjan Moseng frå Røros tok bronseplassen, 13.2 sek etter med totalt tre rundar.

I klasse J15 gjekk Anne-Marie Roset inn til ein 41. plass. Ho fekk tre bom på  første skyting, men skaut fullt hus på den andre serien. I mål var ho 3 min 11.6 sek etter klassevinnaren. Kari Alsaker fekk også tre strafferundar totalt og gjekk inn til ein 57. plass, 4 min 6.9 sek etter klassevinnar Sara Borchgrevink frå Fossum IL som skaut to fulle hus. Sølvet i klassa Benedicte Stien Schreiner frå Bossmo og Ytteren IL berre 1.9 sek etter vinnaren. Åsne Skrede frå Geilo IL tok tredjeplassen, 39.8 sek etter vinnaren.

Også i J16 fekk ein lokal løpar ei topp 15 plassering då Sigrid Flo Bødal gjekk inn til ein fin 11. plass.

HL skiskyting vert avslutta med stafettar i morgon.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.