Holmenkollen 1.2.2015:

Postet av Markane IL den 1. Feb 2015

Oskar Guddal Breivik på 4. plass og Aksel Mathias Meland på 6. plass på normalen.

Oskar Guddal Breivik. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik fekk best plassering av Markaneløparane på normaldistansen med ein 4. plass i G13. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

Også i dag vart det mange fine plasseringar til Markane-løparane då det var klart for normaldistanse i Holmenkollen. Best plassering av alle vart det i dag til Oskar Guddal Breivik som kom på fjerdeplass i klasse G13. Han fekk tre bom på standplass og var 1 min 35 sek etter den klare klassevinnaren, men berre eitt lite sekund bak ein pallplass. Med berre ein bom vann Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL klassa heile 1 min 25 sek før nummer to, Mathias Sørlie frå Lier som også hadde tre bom. Tredjeplassen gjekk til Andreas Kastel frå Gjerdrum IL. Han hadde ein bom og var 1 min 34 sek bak vinnaren. Også Sigurd Fotland Fænn gjorde det godt i klasse G13 med ein 12. plass. Med totalt tre tilleggsminutt var han 2 min 25 sek etter klassevinnaren.

Aksel Mathias Meland kom på ein flott sjetteplass i klasse G16. Sjølv om det vart to bom på siste skyting, var han berre 1 min 18 sek etter Halvor Taalesen Tjøntveit frå Svene IL. Tjøntveit hadde ein bom. Andreplassen i klassa vart delt mellom Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL og Fredrik Grusd frå Fossum IF, 24 sek etter vinnaren. Med sjetteplass i dag er også Aksel ein av fire løparar frå Nordfjord som er klar for Young Star i Holmenkollen!

I klasse G16 deltok også Magnus Arntsen for Markane. Han fekk tre tilleggsminutt på skytingane og gjekk seg inn til ein fin 57. plass av 104 startande i klassa.  I klasse G14 kom Magnus Midthjell Gjørven på ein 86. plass med totalt fem tilleggsminutt. Klassevinnar vart Eirik Idland frå Figgjo IL. I klasse G15 kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på ein 44. plass til trass for at det vart sju tilleggsminutt på standplass.

Fotoserie frå Team Statkraft Nordfjord og komplett resultatliste nedanfor:

Resultat Bendit Kvalfoss normaldistanse 1.2.2015.

Gjengen frå Markane på Kvalfoss-sprinten. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Gjengen frå Markane IL som  var på Bendit Kvalfoss-sprinten i helga. Framme frå venstre: Sigbjørn Fænn, Magnus Midthjell Gjørven, Oskar Guddal Breivik, Selma Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Magnus Arntsen, Alf-Ole Arntsen og John Roger Meland. Bak frå venstre: Jan Egil Gjørven, Torstein Breivik, Ingrid Meland, Aksel Mathias Meland, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Wenche Arntsen og Hildegunn Midthjell Gjørven. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Aksel Mathias Meland ut frå start. Foto: TSN

Aksel Mathias Mel


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.