Ruhpolding 18.1.2015

Postet av Markane IL den 19. Jan 2015

10.plass etter fire fulle hus og fall

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø enda på 10. plass på fellesstarten etter eit stygt fall. Arkivfoto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø starta fellesstarten imponerande med to fulle hus og låg i tetfeltet ut på tredjerunden. Midt i tredjerunden fall Jakob Fak. Johannes kom rett bak og hadde ikkje sjanse til å styre unna. Til trass for nærmast å ha teke salto over Fak og etter det bytt ei øydelagt ski, skaut Johannes to nye fulle hus. I mål vart det til slutt ein 10. plass, 17 sek etter vinnaren Simon Schempp. Quentin Fillon Maillet tok 2. plass og Michael Slesinger hamna på 3. plass. Emil Hegle Svendsen vart nummer fire og Ole Einar Bjørndalen kom på femteplass.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.