Hodlekve 04.01.2015:

Postet av Markane IL den 4. Jan 2015

Gode resultat i SSF-cup

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15 i det første rennet i SSF-cupen. Foto: Margunn Hjelmeset

 I alt sju deltakarar frå Markane IL var i aksjon under sesongens første renn i SSF-cupen. Dette gav ein førsteplass, tre andreplassar og fleire andre fine plasseringar. Rennet gjekk i klassisk stil.

Simon Hjelmeset Kirkeeide stod for dagens Markane-siger då han vann klassa G15 med heile 1 min 24 sek margin ned til nummer to som vart Trygve Brendehaug frå Syril IL.

I klasse G13 kom Oskar Guddal Breivik på ein flott andreplass. Han var 46 sek etter vinnaren Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL. I same klassa vart Sigurd Fotland Fænn nummer ti, 1 min 34 sek etter vinnaren. I klasse J12 vart det andreplass til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Ho var 53 sek etter klassevinnar Ida Molde Lappegård frå Fjellet IL. Også Torje Seljeset kom på ein flott andreplass. Han var 22 sek etter klassevinnar i G11, Erik Alnes Litsheim frå Førde IL.

I klasse G16 kom Aksel Mathias Meland på sjuandeplass. Han var 49 sek etter klassevinnar Andreas Hetle frå Breimsbygda IL.

Også i dei yngste urangerte klassane hadde Markane ein deltakar, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, som gjorde god innsats i klasse J10.

SSF-cupen held fram neste helg når Markane IL arrangerer Ullsrennet.

Resultatliste SSF-cup Hodlekve 04.01.2015


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline