Orkdal 4.1.2015:

Postet av Markane IL den 4. Jan 2015

Resultat frå Norgescup sprint

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 14 på sprinten i Orkdal. Foto: TSN,2014.

Norgescupen i Orkdal held fram i dag med sprint. Jarle Midthjell Gjørven oppnådde best plassering av våre med ein 14. plass i menn senior. Han skaut feilfritt på liggjande skyting, men fekk to strafferundar på den ståande skytinga. I mål skilde det 1 min 11,5 sek fram til klassevinnaren Pål Kristian Grue Tufte frå Geilo IL. Andreas Dahlø Wærnes kom på andreplass, 4.2 sek bak. Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde tok tredjeplassen, 5.3 sek bak. Også dei tre på pallen hadde to rundar kvar.

Johan Eirik Meland gjekk inn til ein 28. plass i klasse M20/21. Han fekk to bom på den liggjande skytinga og skaut feilfritt på ståande. I mål skilde det 2 min 12,1 sek fram til vinnaren Håkon Sørbøen Larsen frå Ål som skaut fullt. Simon Ågheim Kalkheim frå Skonseng UL kom på andreplass, 3.8 sek etter vinnaren medan Marius Haugum frå Bærum Skiklubb vart nummer tre, 13.2 sek etter Larsen.

I dei yngre klassane fekk Georg Kristian Halsteinslid den beste plasseringa med ein 26. plass i M19. Han skaut godt og kom seg gjennom dei to seriane med berre ein bom. I mål skilde det 2 min 44 sek fram til Kristoffer Jonsson frå Vingrom som også hadde ein runde. Aleksander Morsund Karlsen kom på andreplass, 22 sek etter. Andreas Kjeverud Eggen vart nummer tre, 23 sek etter.

I M17 fekk Grim Nygård den beste plasseringa av våre med ein 47. plass. Han skaut bra i eit renn med høvesvis mykje bom med feilfri liggjande skyting og to bom på ståande. I mål skilde det 4 min 3 sek opptil vinnaren. Håkon Midthjell Gjøven kom på 49. plass med totalt fire bom, Odd Sindre Tonning vart nummer 56 med totalt sju rundar og Andreas Halsteinslid nummer 62 med totalt fire rundar. Klassevinnar vart Fredrik Bucher-Johannessen frå Try ILet som berre fekk ein bom.

I klasse M18 vart Gaute Bø nummer 53. Han hadde totalt fire bom og var 4 min 42 sek etter klassevinnaren Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo IL.

 Resultatliste Dnb cup 3 Statkraft jr cup 2 Sprint Orkdal 04.01.2015.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline