Blinkfestivalen 2.8.2014:

Postet av Markane IL den 2. Aug 2014

Johannes Thingnes Bø til topps på supersprinten!

Johannes Thingnes Bø. Foto: BLINK 2013

Johannes Thingnes Bø vann klart supersprinten under BLINK-festivalen. Foto: BLINK 2013

Johannes Thingnes Bø gjekk heilt til topps i supersprinten under BLINK-festivalen i Sandnes.

 I semifinalen kom Johannes på femteplassen i sitt heat og kom akkurat med vidare til finalen på wild-card. I finalen var derimot Johannes med blant dei fremste heile vegen. Han gjekk ut frå nest siste skyting på ein andreplass, men gjekk seg fram i teten på sløyfa inn til den siste ståande serien. På siste skyting var det ikkje noko tvil. Sjølv om det vart ein bom på det aller siste skotet, skaut han minst like godt og betydeleg raskare enn konkurrentane.

Johannes gjekk dermed i mål til ein klar siger på supersprinten. Marius Hol avslutta med ein rask sisterunde og tok andreplassen 7,4 sek etter Johannes. Tredjeplassen gjekk til Tim Burke frå USA.

Tarjei Bø stod over dagens løp.

 Resultatliste frå Blink skifestival supersprint menn senior 02.08.2014


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.